Det er varsla om store nedbørsmengder og sterk vind utetter dagen som gjer at riksvegen mellom Sogndal og Leikanger blir stengd.

Se også: Oppdaterte vegmeldinger fra Statens vegvesen

I går ettermiddag var fem tilsette i Mesta nær ved å bli trefte då det gjekk eit nytt ras i området. Dei fem dreiv sikringsarbeid då ei stor steinblokk losna.

I stengingsperioden blir det sett inn båtrute mellom Hermansverk og Slinde. For biltrafikken blir det innført kriseferje mellom Hella og Kaupanger. Her blir det avgangar kvar andre time til klokka 22 i natt.

I følgje ei pressemelding tek vegvesenet sikte på å opne Fatlaberget klokka 06 torsdag morgon.