— Vi held likevel elevane heime, fordi vi synest det er for usikkert, seier oppvekst- og kultursjef Tone Tveito Eidsnes i Ullensvang.

Frykt og sinne

Elevar og foreldre langs Sørfjorden i Ullensvang går inn i si tredje veke med uvisse og frykt for skred.

Frykta er blanda med sinne. I fjor trudde innbyggjarane langs vestsida av Sørfjorden at den skredutsette staden Velure skulle sikrast. 20 millionar kroner vart øyremerka til rassikring.

— Vi hadde nesten folkefest, seier Håkon Kvestad.

Tenkjer ras heile vinteren

Men pengane vart flytta til andre oppgåver. No fryktar Kvestad at det vert vanskeleg å få styresmaktene til å løyve nye midlar.

Heile vinteren ligg tanken på raset og murrar hos Kvestad. Eldste dottera, Hilde, pendlar forbi Velure til skule på Hauso.

Om morgonen ringer ho til venninnene og rådfører seg om dei kan dra. Så må foreldra ta den endlege avgjerda.

— Det er veldig tyngjande, seier Kvestad.

Ynskjer stengd veg oftare

I førre veke leigde oppvekst- og kultursjef Tone Tveito Eidsnes inn båtskyss for dei rundt 100 elevane på Hauso og Vikebygd skule på vestsida av Sørfjorden. Det er desse skulane som er stengde i dag.

I veka før held fleirtalet av foreldra elevane heime i frykt for ras.

Begge vekene held vegkontoret vegen open.

— Eg kunne godt tenkt meg at dei hadde stengt vegen oftare, seier Tveito Eidsnes.

Overhengande fare

I ni år har Tveito Eidsnes hatt ansvaret for å vurdere om elevane i Ullensvang må halde seg heime, eller kan reise på skulen når rasfaren trugar.

Ho meiner konsekvensen av at vegkontoret ikkje stenger vegane oftare er at folk køyrer forbi i overhengande fare. Frykta for ras kjem igjen kvart år.

— Det er ikkje ofte at eg går ut og seier at elevane ikkje skal gå på skulen. Men det er ofte at foreldre held elevane heime, seier Tveito Eidsnes.

Også i Eidfjord held rasfrykta skuleelevar heime i dag. Ordførar Anved Johan Tveit ringde i går rundt og bad elevane som pendlar til vidaregåande skule på Voss om å halde seg heime.

— Vi vil ha full oversikt over situasjonen, slik det er no, seier Tveit.

KUNNE IKKJE GÅ INN: På grunn av fare for nye ras vart mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps etter kvart flytta ut av området. Både Ullensvang og Eidfjord held skuleelevar heime i dag i frykt for nye skred.
Foto: Rune Sævig