TERJE ULVEDAL

— Dersom det ikkje også blir sett i verk tiltak for å hindre dei illegale taxiane, vil sentrum bli ei lysløype for piratdrosjene, seier Jan Tennfjord, dagleg leiar i Norgestaxi Bergen AS.

Det er politiet som ønskjer å få stengt dei to sentrumsnære haldeplassane, og overføre trafikken til ein haldeplass i Christiesgate ved Festplassen. Politiet meiner dette vil gje dei eit meir oversiktleg sentrumsområde, og vere eit effektivt tiltak for å redusere valdsbruk og kriminalitet. Drosjenæringa har i utgangspunktet stilt seg positive.

Steng for innkøyring

— Vi er ikkje ueinige i denne konklusjonen. Christiesgate er eit godt alternativ, og vi meiner det vil bli lettare å få til ei god trafikkavvikling der. Men i tidsrommet då haldeplassane skal stengast, må det også leggast restriksjonar på trafikken i bykjernen. Dersom det ikkje skjer vil illegal trafikk ta over for lovleg drosjekøyring, seier Tennfjord.

Alt i dag er piratdrosjer eit stort problem i Bergen. TVHordaland viste i går kveld bilete som dokumenterer at eit stort tal piratdrosjer opererer i sentrumsområdet.

— Vi meiner at det må bli forbod mot innkøyring til dette området i same tidsrom som taxihaldeplassane blir stengde. Det vil vere eit effektivt tiltak mot den ulovlege drosjekøyringa, seier Tennfjord.

Mellom 02 og 04

Utspelet om å stenge haldeplassane har kome i ei arbeidsgruppe som skal kome opp med tiltak for å betre tilhøva for drosjenæringa i sentrum.

— Vi har stilt oss positive, og meiner at ei stenging mellom klokka 02 og 04 natt til laurdag og søndag vil vere ei god løysing. Dette er i den tida det er mest folk i sentrum som skal heim, det vi kallar tømmeperioden. Vårt inntrykk er at politiet kanskje ønskjer ei noko lenger stenging, opplyser leiaren i Norgestaxi.

Også Bergen Taxi støttar framlegget:

— Men vi trur det skal bli svært vanskeleg å skape forståing mellom folk for at dette er nødvendig i periodar då det ikkje er kø ved haldeplassane, seier marknadssjef Dag Birkrem. Han peikar også på at dette så langt er eit skrivebordsframlegg.

— Ingen veit korleis dette vil slå ut i praksis, seier Birkrem.

Før julebordssesongen

Ingen i Bergen kommune var i går tilgjengelege for kommentar, men i følgje Tennfjord har verken kommunen eller vegvesenet så langt gitt konkrete signal om korleis dei stiller seg til ønskjemålet frå politiet. Men Tennfjord seier han reknar med at nattestenginga kan bli ein realitet relativt raskt.

Etter det Bergens Tidende kjenner til kan nattestenginga av haldeplassane bli innført alt frå rundt månadsskiftet oktober/november, altså omtrent på den tid julebordssesongen startar for fullt.

— Men dette betyr jo at mange vil måtte gå lenger for å finne drosje. Og kan ikkje det føre til like mykje vald som i dag?

— Det kan berre tida vise. Men vi trur nok som politiet at dette kan vere eit tiltak for å redusere kriminalitetsproblemet i bykjernen. Dersom forholda blir lagt godt til rette i Christiesgate, vil trafikkavviklinga bli enklare for drosjenæringa. Sentrum vil kunne bli tømt for folk raskare, meiner Jan Tennfjord.