Dei heng høgt, jobbar hardt — men med liv og helse som innsats.

Talet ulykker i byggebransjen er raskt stigande. Arbeidstilsynet meiner mange bygningsfirma spekulerer rått i å bryte lover og forskrifter som skal verne dei tilsette mot ulukker og helsefare. Så langt i år har Arbeidstilsynet stansa arbeidet til meir enn 60 firma i Bergensområdet. I Hordaland og Sogn og Fjordane er meir enn 120 ulykker meldt i år, men dette er ifølgje Arbeidstilsynet berre toppen av isfjellet.

Akutt fare for liv og helse

— Dette er dessverre altfor vanleg, seier Terje Øvrehus. - Dei fleste sakene gjeld arbeid i høgda, men også verneutstyr og uforsvarleg omgang med kjemiske middel.

Direktoratet for Arbeidstilsynet har no beordra dei lokale tilsyna om å automatisk politimelde gjengangarane.

Seinast torsdag denne veka fatta Arbeidstlsynet stengingsvedtak på byggeplassen på Askøy der ein 31-åring kom til skade da altanen han jobba på rasa ned.

— Problemet er klart størst i små firma med ein eller noen få tilsette. Dei bli ofte innleigd til å ta deljobbar på større byggeplassar, og dermed blir ansvaret spredd, seier Øvrehus. - Når vi fattar vedtak om å stanse arbeid som pågår, er det fordi vi meiner at faren for liv og helse er akutt.

Og Arbeidstilsynet er fullt klar over at talet ulykker er langt høgare enn dei 120 som er formelt rapportert i år.

- Spekulerer i lovbrot

— Mange oppsøker legevakta med skader utan å varsle om at det dreier seg om ei arbeidsulykke. Eg har snakka med ambulansepersonell som seier at dei hentar skadde folk på byggeplassar, men som ikkje rapporterer saka på grunn av teieplikta, seier Øvrehus.

Han fortel at Arbeidstilsynet har blitt oppsøkt av folk som har blitt uføretrygda etter arbeidsuhell som ikkje er rapportert inn.

— Dei har ingen dokumentasjon, og kan gå glipp av trygderettar og andre støtteordningar. Men som regel er det lite vi kan gjere for å hjelpe dei i ettertid.

Øvrehus meiner at mange firma spekulerer i å bryte lover og reglar, i den tru at arbeidet går kjappare og billegare på den måten.

Stigande ulykkestal

— Men dette stemmer slett ikkje. Firma som har retta seg etter regelverket har oppdaga kor enkelt og ikkje minst effektivte det er. Folk som jobbar trygt, jobbar også raskare. Dette gjeld spesielt dei som arbeider i høgden. Dei har oppdaga at sikring ikkje er ei utgift, men ei nyttg investering, seier han.

Arbeidstilsynet er uroa over den retningen statistikken no tar. Talet på ulukker i arbeidslivet gjekk kraftig opp i 2002, og innanfor bygg og anlegg var det i fjor 13 dødsulukker. Den stigande tendensen har halde fram i år.

— Dei store selskapa har blitt gode. Det er dei små og mellomstore som er problemet. Mange av dei gjev rett og slett blaffen i å sikre sine tilsette, seier inspektør Kurt Halås i Arbeidstilsynet.

Talet dødsulykker er tilbake på 1999-nivå. Totalt innanfor heile arbeidslivet var det i fjor 39 ulukker med døden som utgang.

Tilsvarande tal i 1999 var 37. Også talet på uhell og ulukker som fører til skade, har gått opp.

Dette skjer etter at ulykkestala har gått nedover jamt og trutt sidan midten av 1990-talet.

RISIKO PÅ TAK: Arbeidstilsynet har hundrevis av bilder som dokumenterer korleis deler av byggebransjen opererer. Dette er ein typisk situasjon som ofte ender i at nokon ramlar ned, seier Kurt Halås i Arbeidstilsynet i Bergen. Bildet er tatt tidlegare denne månaden. <br/> FOTO: ARBEIDSTILSYNET