Ferjesambandet blir stengt frå klokka 00.30 til 06.30 natt til søndag 15. august.

— Vi har oppdaga slitasjeskadar på fronten på ferjekaibrua i Lavik, og må ta det nødvendige reparasjonsarbeidet kjapt for at ferja skal få ein trygg tilkomst til kaia, seier Audun Borlaug, overingeniør i Statens vegvesen.

Han seier det er trygt for ferjene som går no, men at dei ikkje vil utsetje reparasjonsarbeidet meir.

Siste sjanse ved midnatt

Det betyr at siste ferja på Oppedal går klokka 24 søndag. Siste sjanse frå Lavik er ein halv time seinare.

Det er Mesta Drift AS som skal ta jobben med å skifte frontbjelken på fergekaibrua.

Ekstra tilbud

For dei som må over fjorden denne natta, er det likevel håp. Det vert nemleg sett opp ei ekstra rute på fylkesveg 57 mellom Rysjedalsvika og Rutledal. Avgang frå Rysjedalsvika er klokka 03.00 og frå Rutledal klokka 03.30.

Borlaug forventar ikkje meir køar enn vanleg.

— Vi har hatt kontakt med Fjord1, som meiner dei skal kunne ta unna trafikken.