Lastebilnæringa er i opprør etter gårsdagens kunngjering frå distriktsvegkontora på begge sider av fjellet. Lobbyverksemda er alt i gang. Direktør Gunnar Aspeland i Norsk Lastebileierforbund samtalte i går med eit medlem av Samferdslekomiteen på Stortinget.

Trafikkfarleg

— Vi kunne ikkje lenger sitja og sjå på den aukande trafikkfaren som ulovleg store vogntog skaper i tunnelane, seier distriktsvegsjef Arnfinn Ansok i Voss og Hardanger til Bergens Tidende.

Vegstellet har registrert ein kraftig auke i den ulovlege trafikken over Haukeli etter at flaskehalsane langs Åkrafjorden vart fjerna. I dag har kvar tredje vogntog som køyrer denne vegen for stor takhøgd.

— Har lastebileigarane feilinvestert i altfor store bilar?

— Det vil eg ikkje påstå. Men bilane må halda seg til dei vegane dei har lov til å køyra på, poengterer Ansok.

Kunden bestemmer

— Det er næringslivet sin trong for transport som bestemmer kor store bilane skal vera. Gjennomsnittet for dei skapbilane som vert produsert i dag er 4,08 meter, seier direktør Gunnar Apeland.

— Det må vel likevel spela ei rolle kor høge tunnelane er?

— Tunnelane er høgare enn skilta tilseier. Det er Vegstellet sine skilt som stoppar oss. Dei rundar alltid av nedover til næraste ti centimeter. Dessutan er det god klaring midt i tunnelen, seier Apeland.

Han reagerer skapt på at Vegstellet stenger vegen først, og vil vurdera næringa sine innspel etterpå. Ein slik bråstopp er til stor skade for heile næringslivet, meiner han.