I haust skal det byggjast ny veg på E16 mellom Borlaug og Smedalsosen i Lærdal kommune.

Vegen vert difor stengt på alle vekedagar i sju veker, frå 20. august til 12. oktober.

E 16 vert open i helgane, men stengt frå måndag klokka 07.00 til fredag klokka 14.00.

Omkøyring vil vere over riksvei 52 over Hemsedal eller fylkesveg 53 Tyin — Årdal.

— Stenginga er lagt til seinsommar/haust for å ikkje ramme turisttrafikken for sterkt.

Arbeidet må også vere ferdig før vinteren, fordi E16 over Filefjell til tider er einaste farbare veg mellom Aust- og Vestlandet, melder Statens vegvesen.

— Det er eit trongt parti ned mot elva og smal veg der. Vi skal ta ned ein høg skjering, så det er rett og slett ikkje plass til å gjera arbeidet utan å stenga vegen, seier Oddvin Ylvisaker, prosjektleiar for E16 Filefjell, til bt.no.

— Vi veit at dette vil bli ei utfordring for transportnæringa, ruteselskapa, reiselivsnæringa og dei som har dette som fast reisestrekning i arbeid og fritid. Men det må bli verre før det blir betre, seier Oddvin Ylvisaker.

SKAL UTVIDAS: I samband med bygginga av ny E16 mellom Smedalsosen og Borlaug skal vegenutvidast nokre stader. På ei av desse strekningane ligg vegen på ein mur over elvaSmedøla, med eit 30 meter bratt fjellparti, ei skjering, på motsett side.For å utvide vegen må denne sprengjast vekk.
Statens vegvesen
STENGT: Her vert vegen stengt.