I om lag fire månader frå midten av november vil tungtrafikken måtte stiltra seg fram på berghyllene langs Hardangerfjorden. Småbilar som kan forsera den spinkle hengebrua på Hellestræ, får køyra gamlevegen mellom Stanghelle og Dale.

Livsfarleg

— Tryggleiken må vega tyngst, og vi har diverre ikkje betre vegar å velja mellom, seier distriktsvegsjef Arnfinn Ansok i Voss og Hardanger til Bergens Tidende.

Han meiner det ville bli altfor risikabelt å sleppa trafikantane puljevis gjennom tunnelane i anleggstida. Bilane kunne bli trefte av lause steinar frå tunneltaket. For å eliminera faren, måtte det reinskast nøye etter kvar salve. Det ville gje lang ventetid, og så store kostnader at alle budsjett ville bli sprengde.

Planen er å auka høgda i Helletunnelen og Dalevågtunnelen til 4,5 meter. Kostnaden er antyda til mellom 50 og 70 millionar kroner, avhengig at tilboda som kjem inn. Distriktvegkontoret har berre 14 millionar kroner «på bok», frå statsbudsjettet for 2003, men arbeider for restløyving i 2005-budsjettet.

Utbetring i Hardanger

Ein del av pengane vil gå med til høgst turvande utbetring av riksveg 7 mellom Granvin og Øystese. Her er vegen mange stader så smal at to vogntog ikkje kan passera. Rygging kan fort gje trafikkaos når mykje av E15-trafikken blir flytta over til Hardanger.

— Siktemålet er å fjerna ein del slike «kniper» så køyretya kan passera med varsam køyring, seier seksjonsleiar Kjell Follesø ved distriktskontoret til Bergens Tidende.

Nokre stader vert det berre fjerna «utvekstar» på 10-15 centimeter i fjellskjeringane, andre stader vert del laga ny møteplass i full lengd. Føresetnaden er minneleg avtale med grunneigarane.

— Vi er heilt avhengig av samtykke. Det er ikkje tid til å utarbeida formelle planar og gå til oreigning. Der det ikkje blir semje, må vegen brukast som han er, seier Follesø.

DEN SMALE VEG: Medan tunge køyredoningar må ta omvegen om Hardanger, får privatbilistane eit gjensyn med den gamle vegen gjennom steinurda mellom Dale og Stanghelle og over spinkel hengebru ved Hellestræ.<br/>Foto: ARNE HOFSETH