Stord

Sjåføren blei utruleg nok ikkje skada då mobilkrana han førde, velta utfor vegen ved Grov i går kveld.

Den 48-tonn tunge køyredoninga, brøyta vekk autovernet, kvista tre og hamna til slutt på taket ned i ei bratt skråning. Politiet fekk melding om ulukka klokka 20.30 i går kveld.

— Det har vore mykje styr med å få krana vekk derifrå. To mobilkraner og ein redningsbil har jobba på spreng i heile natt, fortel politiførstebetjent Roald Raunholm ved Stord lensmannskontor.

Han visste i ettermiddag ikkje årsaka til ulukka.

Mobilkrana køyrde nordover og var på veg til Bergen.

— Vegen var smal og føraren fekk nokre av hjula på utsida av vegen. Han kom seg ikkje opp att. Ulukka var sjølvsagt eit sjokk for han, men han kom heldigvis uskadd i frå det, seier Hugo Espeland, dagleg leiar i Nygaard kran AS i Kristiansand.

Først klokka 12.30 i dag var vegen rydda og tungtrafikk kunne få passera som normalt att.

Under stenginga måtte lastebilar køyra på vestsida av Stord, medan privatbilar og bussar i rutetrafikk fekk passera på ein gardsveg ved Grov.