Utanfor kraup gradestokken ned mot nullpunktet. Innanfor, i formannskapssalen i Kvam rådhus, steig temperaturen. Skulesaka var neste punkt.

I forkant var det knytt stor spenning til om ordførarens partifelle, Even Øyri frå Øystese, ville ta steget over til mindretalet og røyste mot sitt eige partiprogram om fire ungdomsskular.

— Med håp om ein jovial tone går me i gang, sa ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap). Som fleire gonger måtte avbryte debatten om kor mange ungdomsskular Kvam skal ta seg råd til.

Frå fire til ein eller omvendt

Dei ni formannskapsmedlemmene skulle ta stilling til ei utgreiing frå rådmannen om skular i Kvam, som byggjer på eit politisk vedtak i 2007 om ungdomsskule i fire bygder.

Ikkje før hadde ordføraren lese opp rådmannens innstilling, før mindretalet fremja eit alternativt framlegg om å oppheve vedtaket. Dei vil heller slå saman skulane i Ålvik, Øystese og Norheimsund til éin: Kvam ungdomsskule i Øystese, akkurat slik heradsstyret vedtok i 2005.

— Kommunen er i ein rimeleg tøff situasjon. Dette er det ansvarlege å gjere no og det rette overfor ungdommane, sa Martin Vik (Sp).

Protestane let ikkje vente på seg. Lars Ragnvald Djupevåg (V) frårådde sterkt all støtte til fellesframlegget frå Sp, Dei uavhengige, KrF og Uavhengig/ Høgre.

— Framlegget tek ikkje vare på den økonomiske heilskapen, meinte Venstre.

Frå BT til Machiavelli

Oddvar Brakestad (H) kalla 2005-vedtaket om å flytte ungdomsskuleelevar frå Norheimsund til Øystese eit «ulukkeleg vedtak».

— Dei menneskelege omkostningane er faktisk det verste, at skulesaka forstyrrar samhandling mellom bygdene, anten det gjeld sal av gjær og sukker eller landbruksmaskiner, sa Brakestad.

— Eg innrømmer at det kostar meir å drive to skular enn éin, og vi må investere tretti millionar kroner for å byggje skulen i Norheimsund. Men den differansen er eg villig til å stå politisk oppreist for.

Knut Aage Vikøy (Ap) tok ordet, først med BT i hand. Han var langt frå glad for avisa si dekning av bygdestriden.

— Konfliktdrivande, var diagnosen.

Deretter heldt han opp Machiavellis handbok i hersketeknikk, «Fyrsten».

— Eg har brukt tid på å lese denne boka, og håpar at dei andre i heradsstyret har gjort det same, sa Vikøy.

— Kvam er i ferd med å dette frå kvarandre. Vårt lokalpolitiske system er i ferd med å brotna. Konflikten me er i no fortener ikkje slike overskrifter.

Han var også provosert over at mindretalet la fram eit alternativ, der den noverande ungdomsskulen i Norheimsund blir føreslått ombygd til regionalt kulturhus.

Partipisk sytte for fleirtal

Så tok Even Øyri ordet.

— Vi er ein del av bygdestriden alle saman, sa Øyri, og kunngjorde at han ville leggje fram endå eit alternativ til rådmannen si innstilling.

Øyri, som dermed kunne hamne i vippeposisjon, bad om å få presentere framlegget på eit gruppemøte først. I pausen strekte fire tilhøyrarar, alle frå Øystese, på beina.

— Det forundrar meg at her er så få. Stormen kjem kanskje på heradsstyremøtet i november, sa ein av dei frammøtte, Hilde Hysing-Dahl.

— Trur du på løysing før jul?

— I denne saka veit eg ikkje lenger. Men taparane, det er ungdommane. Kvifor skal dei ikkje få gå saman?

Partipisken sytte for at det likevel ikkje kom endå eit alternativt framlegg etter pausen. Dermed vart det fleirtal på 5-4 for rådmannen sitt framlegg om å byggje 1-10-skule i Norheimsund.

Men siste ord er ikkje sagt. Øyri varslar at han vil fremje eit alternativt framlegg direkte i heradsstyret 11. november.

— Men i dag røystar eg på rådmannen si innstilling - først og fremst fordi partiet oppfordrar meg til det, ikkje fordi eg sjølv meiner det.

- Kvam bør utsetje skulesaka

– Å bortforklare at det er ein bygdestrid med stor intensitet i Kvam, er å nekte for fakta, seier professor Daniel Heradstveit. Han føreslår at lokalpolitikarane utset saka. – I slike fastlåste situasjonar er det vanleg å kalle inn ekspertise utanfrå. I dette høvet kunne dette vere eit ekspertutval på skulespørsmål, som skulle kome fram til ein bindande konklusjon, seier han til NRK. Den utflytte kvemmingen har hytte i Vikøy, og forskar til dagleg på konfliktar i Midt-Austen og Irak ved Norsk Utenrikspolitisk institutt i Oslo.

Korleis meiner du ein bør løyse ungdomsskulestriden i Kvam? Sei di mening under!

Amundsen, Paul S.
Amundsen, Paul S.