Kaffi servert i flaggpryda porselenskopp er snart historie på HSD-ferjene. Langfingra passasjerar framskundar avviklingsprosessen.

50 prosent svinn

Svinnet på ferjeporselenet er opp mot 50 prosent. Hovudforklaringa er at passasjerar tek med seg dei lubne kvite koppane med gammal HSD-logo.

No kjøper ikkje selskapet lenger inn dei karakteristiske koppane frå Porsgrund Porselænsfabrik med HSD-flagg. Men HSD kastar ikkje porselenet over bord. Som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) gjorde for ti år sidan, fornyar HSD kjørlet med moderne koppar frå Figgjo.

I motsetnad til FSF, som fjerna logoen, pyntar HSD Figgjo-koppane med sin nye, raude pillogo, opplyser assisterande cateringsjef Ørjan Vågstøl i HSD.

— Det har litt å seia for dei reisande korleis kaffien vår blir servert. Han smakar best i porselen, seier Vågstøl.

Koppetjuveriet har ført til at restauratørar i enkelte HSD-samband heilt har fjerna proselenskoppane og erstatta dei med plast- eller pappkrus.

- Kleptomantendensar

— Folk samlar på alt mulig rart. Men det er ekle suvenirar å ha - dei som er stolne, seier antikvitetsekspert Ellen Ørnes i Bergen.

— Eg trur nokre har kleptomantendensar som ikkje berre rammar HSD på denne måten. Hos seriøse samlarar er slike ting heilt utelukka. Eg har ikkje sett slikt innlemma i noko samling. Noko heilt anna var det visst koppane var hundre år gamle, då hadde dei hatt kulturhistorisk verdi.

— Det kan ikkje vera glede i å ha suvenirar som er stolne eller tekne med i forfjamselse, meiner Elle Ørnes.

Trist med papp

— Det finst nokre som har ein hang til å ta med seg suvenirar frå ulike transportmiddel. Vi ønskjer at folk skal respektera at porselenet er HSD sin eigedom. Det er trist om vi må skifta det ut med papp eller plast, seier HSD sin informasjonssjef Arild Sondre Sekse til Bergens Tidende.

— Ein kopp av den gamle typen med logo heldt i fire månader. Det blei for dyrt for oss, derfor nyttar vi i dag Figgjo-porselenskoppar utan logo. Men på dei korte ferjestrekningane har vi gått over til eingongskoppar, seier restaurasjonsansvarleg Terje Hagen i Fylkesbaatane.

Også stålbestikket i rutelaga blei samlarobjekt, fortel Hagen. Derfor er logoen fjerna. Fylkesbaatane er elles plaga med tjuveri av oskebeger i stål frå ferjene.

<b>POPULÆR KOPP:</b> Mange ferjereisande reknar visst porselenet som inkludert i kaffiprisen. Tjuveri og svinn får rutelaga til å investera i mindre attraktivt kjørle.<br/>Foto: OVE OLDERKJÆR