TERJE ULVEDAL

I Årdal etterforskar politiet fleire saker der personar har brukt stolne personaliaopplysningar i lånesøknader, og fått pengane utbetalt til eigen konto.

Under politiavhøyr på lensmannskontoret i Årdal tysdag kveld, vedgjekk ein mann i 40-åra å ha brukt denne metoden til å få innvilga tre ulike lånesøknader. Mannen skal også tidlegare ha nytta same framgangsmåten.

Sogningen skaffa seg tilgang til fødselsnummer og andre personaliaopplysningar frå verkelege personar, og brukte desse i lånesøknader. Men kontoen 40-åringen bad om å få utbetalt pengane til, var hans eigen. På denne måten greidde mannen å få innvilga lånesøknader for fleire ti-tals tusen kroner.

Har ikkje tid

— Vi har vore i kontakt med kredittinstitusjonane som har gitt låna. Overfor oss vedgår dei at dei ikkje undersøkjer om kontoen lånesummen skal betalast ut til, står i namnet til personen som er oppgitt som lånetakar, seier lensmann Kristen Olav Grøttebø.

— Kva forklaring har finansieringsinstitusjonane på at dette ikkje blir sjekka før lånet blir utbetalt?

— Svaret vi har fått er at det har dei ikkje tid til.

Til Bergens Tidende seier Årdal-lensmannen at dei etterforskar fleire svindelsaker utført over same lest.

— Vi har fleire saker under arbeid enn dei som den sikta 40-åringen har tilstått. Dette er ein form for bedrageri som har dukka opp siste året, seier Grøttebø.

— Gjeld dette alle typar låneinstitusjonar?

— Vårt inntrykk er vel at dei tradisjonelle bankane har betre rutinar på dette, i alle fall dei lokale bankane.

- Svært få tilfelle

Informasjonssjef Stein Haakonsen i Finansnæringens Hovudorganisasjon (FNH) seier til Bergens Tidende at det har vore enkelte tilfelle av indentitetstjuveri, men at dette så langt er eit sjeldan fenomen her i landet.

— Men vi veit frå utlandet at dette grip om seg.

— Korleis reagerer du på at finansinstitusjonane seier at dei ikkje har tid til å sjekke om lånesøkjar også er kontoeigar?

— Dersom det er rett, er det ikkje bra. Det må i så fall vere ut frå ei vurdering av at dette kostar meir enn nytten med å gjere det. Og uansett er det jo slik at det er låneinstitusjonen som må ta tapet.

— Men det er vel ei sanning med modifikasjonar. For i siste instans blir vel eventuelle tap fordelt på kundane?

— Ja, alle bedrageri vil til sjuande og siste sjølvsagt måtte betalast av kundane, seier Haakonsen.

Misbrukte kredittkort

Ofte er namn, fødselsnummer og fast arbeid det som skal til for å få ja på ein søknad om eit mindre lån.

— Dette er opplysningar som ofte er lett tilgjengelege. Dette er jo ikkje berre ein svindel mot finansieringsselskapet, men også overfor dei som får sine personlege opplysningar misbrukte, seier lensmann Grøttebø.

— Kva kan folk gjere for å verne seg?

— Vere forsiktige med å gje ut informasjon om identitet, men det er ikkje så enkelt i dagens samfunn.

Årdølen i 40-åra blir i dag framstilt for Indre Sogn tingrett. Han kan alt i dag få såkalla vedgåingsdom, etter at han i avhøyr tysdag kveld vedgjekk svindelen.