Om lag klokka 13.45 vart Eikefettunnelen på E39 stengt.

Stor stein i tunnelen

– Det er ein stor stein inne i vegbanen i retning nordover. Vi må difor stenge heile tunnelen, seier vaktoperatør Elin Syrstad i Statens vegvesen til bt.no.

Eikefettunnelen er på E39 mellom Ostereidet og Vikanes i Lindås kommune. Tunnelen er 4,9 kilometer lang.

Raskt rydda

Tunnelen vart opna klokka 14.11.

— Det var eit mindre steinsprang som er rydda. Det såg større ut enn det var, seier Stig Arild Øystese i Statens vegvesen til bt.no.

Store køar på E16

Klokka 12.50 stengte Statens vegvesen Hyvinngstunnelen på E16 mellom Dale og Bolstadøyri.

– Det ligg noko inne i tunnelen og det må fjernast før vi kan opne den igjen, seier vaktoperatør Stig Arild Øystese i Statens vegvesen til bt.no.

Dette skapte store køar. Klokka 13.33 var tunnelen opna att. De vet ikkje kva det var som låg inne i tunnelen, men trur det er noko som har falt av ein bil.