Den vesle sisiken sprett framfor oss. Fugleungen kjem seg aldri på vengene, sjølv om utgangspunktet burde vere det beste. Det er trass alt nokre hundre meter luft under oss. Det blir med panisk flaksing, høgda nokre meter framover, før han får ufrivillig bakkekontakt att. Og hoppar vidare. Med lette fuglesteg oppover bakke. Same vegen som oss. Mot ei hylle i fjellet. Meir enn 600 meter over Fortun. Ved inngangen til Jotunheimen. Fuglesteg.

Som pyramidane

Steinstova i Fuglesteg var Sylfest Nilsons verk. Han brukte fem år på å dra steinen til gards. Kor lang tid han brukte på å mure huset, veit ingen sikkert. Men han blei ferdig i 1830, årstalet hogg han inn i ei stor steinhelle over inngangsdøra. Då hadde han bygt 15 gonger 8 meter, i to fulle høgder. Kjøkken og stover nede, soverom oppe. Doble murar med jord mellom til isolasjon. Over ein meter tjukke.

— Det minner nesten om stormannsgalskap. For si tid var dette eit kjempehus, i alle fall på eit lite bruk som Fuglesteg. Det kan vel hende han har måtta tole nokre kommentarar nede i bygda, trur Stein Næss, leiar i Luster Turlag.

Steingalen, stormannsgalen eller ei. Sylfest Nilson gjorde skikkeleg arbeid, det kan ingen ta frå han. Stiftinga Norsk Kulturarv meiner byggverket kunne måle seg med pyramidane i kunstarten muring.

— Det er vanskeleg å fatte korleis han greidde det, seier Stein Næss.

Katastrofen

Det hadde i alle fall budd folk i Fuglesteg i bortimot 200 år, før Sylfest tok til å samle stein. Opphavleg var det ein gard som så blei delt i to bruk. Nabogarden blei fråflytta i 1946. På bruket der steinstova var hovudhuset, budde det folk til 1968.

Eigarane held fram med å halde husa ved like. Til 1985, då katastrofen skjer. Eit uhell då det skal brennast bråte. Logane slår opp frå dei fleste husa på fjellhylla. Kulturminna i Fuglesteg blir så godt som totalskadde. Berre tømmerstova på nabobruket, vegg i vegg med steinstova, står uskadd etter storbrannen.

For fem år sidan tok Luster Turlag på seg oppgåva med å føre steinstova tilbake til fordums prakt. Etter fleire år med papirarbeid og kamp for å skaffe finansiering, tok arbeidet i felten til i fjor vår. Før hausten var gått var bygget tett. I år blir huset gjort ferdig inne. Søndag er det offisiell markering og framvising av den nye steinstova.

— Vi var så heldige at ein arkitekt var her i 1931. Han teikna huset heilt nøyaktig. Det er desse teikningane vi har gått etter, fortel Stein Næss.

Turisthytte

Kostnaden med å setje i stand steinstova blir på 2,1 millionar kroner. Turlaget har samla inn nesten 2,5. Dermed ser det ut til å bli pengar til å byggje opp att fjøsen.

— Greier vi det, vil miljøet i tunet bli så godt som intakt, seier Næss som har administrert restaureringsarbeidet. - Vi kalkulerte med kring 1200 dugnadstimar. Det har blitt mykje meir. Men det har vore ein utruleg interesse og entusiasme. Det har aldri vore vanskar med å få folk til å jobbe, seier Næss.

Steinstova skal bli utbetjent hytte i Den Norske Turistforening. Stien vidare til Turtagrø skal merkast. Dermed blir Fuglesteg ein naturleg start eller avslutningspunkt på rutenettet både i retning Jotunheimen og Breheimen. I tillegg er det eit godt utgangspunkt for turar i nærområdet.

- Like bra som i dalen

Dei var åtte i siste syskenflokken som vaks opp i steinstova. 85 år gamle Erling Fuglesteg har gode minne frå oppveksten på høgdegarden. Men skulevegen kunne vere lang. Ned gjekk det fort, det var verre heim att. Det kunne gå halvannan time, og meir.

— Når det var glatt vinterdagen, følgde far oss forbi Galdane, det verste stykket. Han knytte reip rundt oss, hugsar Erling.

Tau hadde dei ikkje rundt hesten då han blei sleppt ut ein vinterdag i 1923. Eit tynt snølag hadde lagt seg på frosen snø. Dyret kom på glid, sigla utfor ein hammar og slo seg i hel. Hest var dyrt å ha i dei dagar, det var eit stort tap.

— Eg trur ikkje det var noko verre å leve i Fuglesteg enn nede i dalen. Det var trongt alle stader i åra etter første verdskrigen, seier Erling.

Sju av dei åtte syskena lever framleis. Alle skal til Fuglesteg søndag. Erling ser fram til dagen.

— Eg var der i fjor også. Inne blir stova mykje finare enn ho var. Eg kan ikkje klage på det, seier han.

På veg ned att. Jammen er han ikkje der framleis, den vesle sisiken. Baksar med vengene, men får det heller ikkje no til. Til slutt trippar han ut i graset. Med lette fuglesteg.

BYGD OPP ATT: Den nye steinstova på Fuglesteg blir opna søndag. Luster Turlag har brukt 2,1 millionar kroner på restaureringa, alt er innsamla midlar og gåver. No blir gardshuset turistforeningshytte. I bakgrunnen t.v. ligg Furåsen, ein annan høgdegard i Luster. Over taket ser vi Lustrafjorden og Skjolden.

TURISTHYTTE: I andre høgda er det fire soverom med i alt 23 sengeplassar. Det gamle gardshuset i Fuglesteg blir ubetjent turistforeningshytte.

LOKALT HANDVERK: - Ein spesiell jobb, seier Vidar Aasen som saman med onkelen Kåre Reidar har hatt snikkararbeidet på steinstova. Denne veka byggjer dei vedhus og utedo. F.v. Oddmund Nyland, Stein Næss, Kjell Jakobsen, Kåre Reidar Aasen og Berit Rita Grødem.

INNSPURT: Nymåla golv skal møte gjestene som tek turen til Fuglesteg søndag. Det blir hektisk jobbing heilt fram til opninga for å få så mykje som råd ferdig.

GAMLE GLAS: Vindauga i steinstova var ulike i storleik og fasong. Ingen veit sikkert kvifor, men Stein Næss trur Sylfest kjøpte gamle glas ulike plassar. Deretter tilpassa han murane til glasa. T.h. Berit Rita Grødem.