Det handlar om stein. Bergartar på Bømlo som gjennom historia møysommeleg er brotne ut og har blitt til våpen og reiskap, brustein og bygningsstein - i inn- og utland, og spesielt i Bergen. I pinsa opna Steinriket Bømlo - ei permanent bergverkutstilling i det gamle kalksteinsbrotet Moster amfi som kan enda i Unesco-status.

- Bømlo har alt, seier bergensgeolog Øystein Jansen. Han siktar til dei sju ulike bergartane som er utvunne ulike stader i øykommunen i Sunnhordland gjennom ti tusen år - frå steinalder til moderne tid. Jansen er saman med bømlingen Brynjar Stautand «far» til Steinriket-prosjektet.

Starta med steinbyen

- Vi blei klare over den flotte geologien på Bømlo på 1970-talet. Før var England og Skottland ekskursjonsmål for geologistudentane. Så var det ein skotte som spurde kvifor ein drog dit, og ikkje heller til Bømlo, fortalte Øystein Jansen i eit overfylt lokale i Moster amfi ved opninga av Steinriket  pinseafta.

- For min del starta dette med boka «Steinbyen Bergen», som eg var med på å gi ut for ti år sidan. Bergen er jo bygt av «bømlingar», fortalte Jansen.

Bømlogranitt frå Rubbestadnes-området finn ein i dag att i Skoltegrunnsmoloen i Bergen, i grunnmuren på Kjøttbasaren og Sandvikskirken og som trappe- og brustein rundt om i byen. Utvinning av granitt var ei stor næring nord på Bømlo i siste halvdel av 1800-talet.

Kleberstein-kyrkjer

I middelalderen var det kleberstein frå Bømlo som var ettertrakta. Klebersteinblokker frå Lykling finn ein i dag blant anna Domkirken, Mariakirken, Korskirken og Nonneseter kloster i Bergen.

Sjølv om det på Bømlo også er henta ut både marmor og gull, er den verkelege smykkesteinen i Steinriket Bømlo likevel grønsteinen frå Hespriholmen nordvest for Espevær, heilt sør i kommunen.

Gjennom ein periode på seks tusen år blei det teke ut øksemateriale her, og det starta like etter at isen som dekte landet trekte seg tilbake for ti tusen år sidan. Steinbrotet på Hespriholmen er vurdert som det lengstvarande industriføretaket i verda.

Unesco

Øystein Jansen meiner det er unike Hespriholmen som kan føra Steinriket Bømlo fram til ei plassering på Unescos verdsarvliste. Før helga blei det etablert eit fagråd med dette som eit langsiktig mål.

- Vi kan til dømes starta med bergverkseminar slik som Hyllestad har, for å setja Bømlo på kartet i første omgang, seier Jansen. Kvernsteinsbrota i Hyllestad i Sogn og Fjordane er i år kome inn på ei førebels liste som verdsarv under Unesco, FN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!