– Det gjekk eit steinras ved Naustbukttunnelen klokka 17.44 i ettermiddag, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har fått stadfesta at ingen bilar og personar er tekne av raset.

Det er usikkert kor stort raset er.

– Vi har ikkje oversikt fordi det er så mørkt, men vegen opnar tidlegast i morgon, seier Hope.

Det går føre seg for tida vegarbeid i samband med rassikring på denne strekninga.

Det er få moglegheiter til omkjøring for vegstrekninga. Då må ein køyre via Tyin og E16 til Lærdal, noko som er fleire mil.