”Stene har vårt Norge nok av”, seier diktaren, og det har han vel rett i. Og sidan det er, og har vore, så mykje av dette materialet i landet så visste og forfedrane våre å gjera seg nytte av desse ressursane.

Stein er eit solid, varig og billeg byggjemateriale, i alle fall om ein ser bort frå arbeidskostnader og transportkostnader slik ”dei gamle” ofte gjorde.

Stein vart mykje nytta som fyllmasse og som kult under vegar og plassar, han vart nytta i grøfter og i andre liknande samanhengar, men mykje stein vart nytta i alle slag typar av murarbeid. Det var t.d. grunnmurar, kjellarmurar, fjøsmurar, silomurar, vegmurar, elvamurar, bakkamurar, køyrebaner, bru-kar og steingardar.

Murar og amatør

”Dei gamle” hadde ikkje råd til å kjøpa ferdig murstein frå steinbrot slik vi for det meste gjer i dag, dei måtte nytta den steinen dei fann på garden og dei lærte seg kunsten å bruka denne sjølv om han ikkje var verken rektangulær eller hadde tydeleg fasadeside. Men dei kunne kunsten å bruka sleggja og slå steinen slik at han fekk den fasongen dei ville. Dei kunne sjå om det var ”gong” i steinen og korleis han ville kløyvast om dei brukte sleggja slik eller slik, og dei såg korleis han ville høva inn i muren om han vart kløyvd slik eller slik.

Det er desse kunnskapane som skil muraren frå amatøren.

Mange av dei gamle murane står enno kring om i Fyllingsdalen og mange av desse kan ein trygt karakterisera som kunsthandverk, og solid kunsthandverk, dei står like fine i dag som for meir enn 100 år sidan.

Bakkamurar

Bakkamurane vart sette opp i bratte bakkar for å få ”flatare terreng” eller betre arrondering. Bakkamurane gjorde det lettare å gjera jordbruksarbeid, ein kunne lettare ta seg fram med reiskap og ein kunne hindra at jorda seig ned mot botnen av bakken.

Slike bakkamurar finn ein framleis fleire stader i Fyllingsdalen m.a. på innmarka på dei tidlegare Lauvstakkgardane og i bakkane der Johnstadgarden låg. Ein finn og slike på Lauvåsgarden m.a. på den sida som vender mot Løvåsen Sykehjem.

Elvamurar

Gjennom heile Fyllingsdalen rann det elvar før utbygginga og mange av desse rann gjennom dyrka mark. Her vart det sett opp elvamurar på begge sider av elva. Dette vart gjort for å hindra elva i å grava ut dyrkajorda, for å halda elveløpet reint og for å få ein rett og rasfri elvakant.

Mesteparten av desse elvamurane er i dag borte, elva går i røyr under overflata, men ein finn framleis fine døme på slike elvamurar både på Lauvstakkgardane og i elva som renn frå Nordnesdalen og ned mot parkeringsplassen ved Betanien Sykepleierskole. Begge desse er truleg mura av m.a. Gustav og Ingolf Løvstakken.

Vegmurar

I samband med vegbygging vart det og nytta mykje mur. Somme stader måtte ein ha mur under vegen for at denne skulle verta mest mogeleg plan både i lengderetninga og i breidda, andre stader måtte ein ha bakkamurar på oversida av vegen for å hindra at jord, grus eller leire rasa ut i vegen.

Der vegen skulle kryssa ei elv vart det ofte ein kombinasjon av vegmur, elvamur og brukonstruksjon. Eit fint døme på ein slik kombinasjon finn ein på gamlevegen bort til Johnstadgarden.

Steingardar

Steingarden vart sett opp for å få eit skilje mellom eigedomar eller mellom innmark og utmark. Steingarden vart ofte lagt opp av stein som ein fann i jorda når ein dreiv med nydyrking. Å setta opp steingard var såleis ein praktisk måte å verta kvitt steinmengdene på, valet kunne vera å legga han opp i mur som steingard eller tippa alt i haug og laga ei ”steinrøys nedi bakken”

Slik jordstein har oftast alle slag fasongar og er ikkje alltid like gode å mura med, ikkje alle steingardar vart difor like ”perfekte”, men funksjonen var at muren skulle halda ku, sau og hest unna, og den nytten gjorde steingarden sjølv om det ikkje alltid var ”presisjonsmuring”

På Jæren t.d. finn vi svært mykje av slike steingardar, der er jorda svært steinfull, men vi finn fleire døme på slike steingardar i Fyllingsdalen og. Ein av dei best bevarte finn ein langs gangvegen mellom husa på Betanien Sykepleierskole. Denne steingarden var i si tid skilje mellom bruk 2 og bruk 5 i Øvre Fyllingen.

Veit du om fleire flott steinmurar i Fyllingsdalen? Skriv i kommentarfeltet under:

Bakkamur ¿ Johnstadgarden.
A. Sælensminde
Bakkamur - Johnstadgarden.
A. Sælensminde
Elvamur på Lauvstakkgarden.
A. Sælensminde
Elvamur i elva frå Nordnesdalen mot Betanien.
A. Sælensminde
Kombinasjon av elvamur, vegmur og bru på gamlevegen til Johnstadgarden.
A. Sælensminde
Steingarden langs vegen ved Betanien.
A. Sælensminde