— Måndag var vi på uanmeld inspeksjon. Då var det tørt ver med kuling frå sør. Vasskanonane var på slik at det ikkje vart virvla opp støv frå knuseverket, seier senioringeniør John Olav Hisdal frå fylkesmannens miljøvernavdeling.

Grunnen til inspeksjonen var eit brev frå advokat Dag Steinfeld. Advokaten representerer Kjell Kristensen, som er eigar av lakseforedlingsbedrifta Sea Eagle.

Skrur av springen

Kristensen har i mange år protestert mot det han hevdar er slurv frå Norstone si side. Norstone har eit driftsløyve som seier, i litt runde former, at anlegget skal vatnast når vêret er slik at det kan virvlast opp støv frå steinknuseverket.

I brevet til fylkesmannen tek Dag Steinfeld opp att klagene frå Kristensen. Dei går m.a. ut på at Norstone set vatningsanlegget på for fullt når dei ventar besøk frå folk som skal sjå korleis anlegget vert drive. Kristensen hevdar så at vatninga vert slegen av så fort inspeksjonen er over, sjølv når det er ver for vatning. For det kostar pengar å driva vatningsanlegget.

Hindrar utvikling

I brevet hevdar Dag Steinfeld at Norstone stadig vekk ser bort frå vilkåra som er knytte til driftsløyvet. Steinfeld meiner dette må få følgjer for behandlinga av Norstone sin søknad om å få driftsløyvet utvida til 50 år. Eit ja til denne søknaden betyr og meir enn dobling av det utsprengte området på Mjølkevikvarden.

— Dersom Norstone frå nytt og utvida driftsløyve, vil det hindra eikvar industriell utvikling i dette området langt inn i framtida, seier Kjell Kristensen.

Han vonar at politikarane i Askøy vil ta til vitet, og viser til at også Meland kommune, på hi sida av Herdlafjorden, også har protestert mot støvplagene frå steinknuseverket.

Godt nøgde

John Olav Hisdal vil ikkje dra konklusjonar når det gjeld den omtalte søknaden. Han seier at inngrepet som vil følgja med er så stort at Norstone vert pålagt å laga konsekvensutgreiing.

— Men då vi var der måndag, fann vi ikkje noko avvik å setja fingeren på. Vi var nøgde med det vi såg. Vi fekk også opplyst at Norstone vil installera eit heilautomatisk vatningsanlegg. Det er vi og godt nøgde med.

Hisdal legg til at dersom Norstone får løyve til utvida drift over 50 år, vil vilkåra i det nye løyvet verta meir presist formulerte enn dei er i dag.

Bor du i nærheten av knuseverket? Plaget av steinstøv? Legg inn dine kommentarer under!

Sunde, Helge
Bergens Tidende