Det har vore ein lang kamp for interessentane å kome i hamn med steinbrotet på Seljestokken, men måndag fekk dei klarsignal til å starte boringa.

Arbeidet er planlagt å starte umiddelbart, og kan skaffe arbeid til opptil 20 mann. Allereie til våren kan det første lasset med stein frå Seljestokken leverast.

Steinen skal eksporterast og brukast i asfalt rundt om i Europa, og det er den sveitsiske entreprenøren Heinz Hertig som skal styre og eige mesteparten av industrien.

Grunneigar Torleif Seljestokken er strålande fornøgd med vedtaket, som miljøvernminister Knut Arild Hareide fekk gjennom før han tok ferie.

Men det har ikkje vore ein lett kamp å få sprenge i fjellet. Vedtaket frå Miljøverndepartementet har blant anna gått i mot Riksantikvaren som meinte at området er for sårbart til at det kan drivast steinuttak.

I første omgang skal det sprengast ned eit lite dalføre som skal brukast til produksjonsområde. Dette vil produsere stein i mindre skala. Dernest vil den ordinære drifta ta til i eit uttaksområde i nærleiken.

Til saman skal over hundre tonn stein utvinnast.