• Kunne gått riktig ille, seier forbikøyrande.

Ved 06.30-tida i dag tidleg gjekk det nok eit ras på riksveg 39 mellom Ålhus og Bjørset i Jølster. Det melder NRK Sogn og Fjordane. Det er tredje gong på kort tid det rasar i området.

— Vi kom i bil, og då såg vi røykskya. Det er ikkje noko særleg, seier Rune Årdal til NRK. Han legg til at det heile kunne enda kunne enda «riktig ille».

— Det er farleg å køyre her, seier han - og melder at det var fleire bilar i området då raset gjekk.

Vegvesenet er no på staden for å undersøkje kva som er skjedd.

I byrjinga av februar vart ei strekning på over 200 meter bombardert av store steinar i eit kraftig steinsprang.