- Det siste eg hugsar er at eg drog i handbremsen, seier Steinar Krakhellen, tidlegare ordførar i Solund.

Det er 1. november. 67-åringen er på jobb i oppdrettsselskapet Sulefisk. Ved middagsleite set han seg i bilen og køyrer til kommunesenteret Hardbakke.

14 år etter at den mangeårige ordføraren fekk oppslag over heile landet for å ha sikra Høgre reint fleirtal i øykommunen i Sogn, er han framleis politisk aktiv. Denne ettermiddagen skal dei folkevalde ha opplæring i å bruke nettbrett.

- Eg hugsar vi var to veteranar som sat ved sida av kvarandre. Vi var litt krye over at vi fekk det til.

Heiv etter pusten

Kurset er over. Krakhellen set seg i bilen for å køyre heim. Kona Anna ringjer. Ho lurer på kven som skal hente sonen Stein Anders, som også jobbar på Sulefisk. Steinar svarer at han gjer det, far og son har ein avtale.

Ti minutt før dei to er heime skjer det. Rett før ein sving på den smale fylkesvegen dreg Steinar opp handbrekket.

- Han gjorde det fort og hardt, som om han hadde gløymt noko. Så slo han av tenninga. I det same banna han. Så datt hovudet bak i nakkestøtta. Og det kom nokre lydar, som han heiv etter pusten. Eg tenkte: «Kva er det som skjer?», fortel Stein Anders.

Så stoppa hjartet

BERGA LIVET: - Stein Anders er den eg må takke mest for at eg er i live, seier Steinar Krakhellen. Her på vegen inntil støypekanten ved Hagelva i Solund låg han med hjartestopp i ein time. - Der og då ensa eg ikkje tid. Men eg hugsar eg tenkte at dersom du ikkje gjer noko, gjer du i alle fall ikkje noko rett, fortel Stein Anders.
Oddleiv Apneseth

Han lurte ikkje lenge. Sist sommar var Stein Anders Krakhellen på tre vekers øving i Sivilforsvaret. Eit sentralt tema var førstehjelp og livredding.- Det første eg tenkte var å få opne luftvegar. Eg la seteryggen ned, men det blei ikkje godt nok. Så eg løfta han ut av førarsetet. Då heiv han framleis etter pusten. Men då eg hadde fått lagt han ned på vegen, stoppa hjartet.

Ikkje berre hadde Steinar Krakhellen ein son i passasjersetet som er kunnig i førstehjelp. Han har også noko anna på si side denne novemberdagen. Vêrtilhøva skal vise seg å spele ei livsviktig rolle.

30 + 2

I Hagelva er det ikkje mobilsamband. Dette veit Stein Anders. Han veit også at kring halv fem, då dette skjer, er folk på veg heim frå arbeid. Dessutan veit han at mora og søstera Janne Britt er bak dei.

Altså, før eller seinare vil nokon kome. Difor tenkjer han ikkje på å kontakte omverda. Der og då startar han hjarte— og lungeredning.

30 brystkompresjonar, to innpustingar. 30 + 2, 30 + 2, 30 + 2. Kor lenge han driv på før første bilen kjem anar han ikkje i dag.

- Eg registrerte ikkje tid. Eg berre gjorde det eg lærte på kurs.

Mellom to kraftlinjer

Kan hende går ti minutt? Kanskje 15?

Så kjem to bilar. Først ein sambygding, deretter Anna og dottera. Alle veit kvar dei må for å få mobilsamband. På alarmsentralen ved Førde sentralsjukehus er første oppringinga registrert klokka 16.52. Frå Hardbakke køyrer bilambulanse. Luftambulansen tek av frå Førde.

Vekene etter 1. november er viska vekk for Steinar Krakhellen. Han blei halde i kunstig koma. Etter fire veker fekk han kome heim til kona Anna og sonen Stein Anders.
Oddleiv Apneseth

Samstundes ringjer Anna Krakhellen til ei niese som er sjukepleiar og bur like ved. Ho og mannen kjem. No er dei fleire som byter på å drive hjartekompresjon. Dei ser fargen endre seg i kjakane, og skjønar at dei held blodomløpet i gang.Litt over klokka fem er bilambulansen framme. Dei brukar hjartestartar, men får heller ikkje pumpa til å gå. Klokka 17.17 manøvrerer piloten helikopteret ned. Steinar Krakhellen blir kopla til ei hjartekompresjonsmaskin.

Ut av koma

Kring halv seks, ein time etter at han drog opp handbremsen, slår hjartet for eigen maskin. Steinar Krakhellen blir lagt i narkose og respirator. Ein halvtime seinare lettar helikopteret med kurs mot Haukeland.

- Dei på luftambulansen var så rolege. Mange ville sikkert blitt irriterte over at dei gav seg god tid, men eg tenkte dei hadde kontroll. Meg gav det håp, seier Stein Anders.

Vi sit i stova ved Krakhellesundet. Ein første smak av vårsol blenkjer i bakkar og berg ut med havet.

- I natt var den første på lenge utan frost, konstaterer Steinar Krakhellen.

Vekene etter 1. november er viska vekk. Han har nokre vage minne, men trur det må ha vore fantasiar. Lungebetennelse gjorde at han blei halden i koma i ei veke.

Temperatur på 30

Etter fire veker på Haukeland og ei i Førde fekk han kome heim. Med pacemaker og hjartestartar er forma på veg mot gamle høgder, sjølv om han blir fort sliten i armar og bein.

Familien kan ikkje skryte nok av si oppleving med helsevesenet både i Bergen og Førde.

- På Haukeland var dei veldig forsiktige med å gje oss positive signal.

— Dei frykta både hjerneskade og lungebetennelsen, og var vel redde for å love for mykje. Straks han kom til seg sjølv, var dei overraska over kor mykje han hugsa, fortel Anna Krakhellen.

«Skulle ikkje ha levd»

I Hagelva var det opplett og kring ti varmegrader 1. november.

Temperaturen gjorde at kroppen sakte blei kjølt ned.

Forsking viser at det er positivt for i slike situasjonar, hjernen treng mindre oksygen då.

- Eg hugsar godt doktoren på Haukeland som sa til meg: «Du skulle eigentleg ikkje ha levd i dag.»