Tysdag i førre veke fann stein— og meteoritt-entusiasten Johannes Vik Seljebotn øksa yst på Nærnes på Neshalvøya på Mundheim i Kvam.

Funnet vart gjort berre eit steinkast frå området der A/S Fjellstrand ønskjer å byggja nytt verft. Fylkesarkeolog Tore Bjørgo stadfestar at funnet kan få innverknad på den vidare planprosessen med utbyggingsområdet i Hansvågen.

— Øksa låg i sjøkanten ikkje langt frå munningen der ein bekk går ut i sjøen, seier Seljebotn.

Han meiner det er grunn til å tru at steinøksa ikkje er noko einskildfunn.

- Må stoppe planen

Kåre Nes, turistbonde og talsmann for motstandarane av utbyggingsplanane til A/S Fjellstrand, meiner at planleggingsprosessen no må stoppast inntil området i Hansvågen er grundig undersøkt av arkeologar.

Det var Nes som inviterte den kunnskapsrike stein- og fortidsminne-interesserte mannen til Nærnes for å gå gjennom området.

— Øksa fann vi berre etter nokre timars leiting, seier Nes.

Seljebotn fortel at ei liknande øks vart funne i same området rundt 1930. Steinen frå denne øksa kom frå Hespriholmen på Bømlo. Staden vert rekna for Noregs eldste steinbrot. Mykje steinalder-reidskap vart tilverka der.

Den sjeldne steinalderøksa er no levert til Bergen Museum.

Arkeolog Kari Kristoffersen, som er tilset der, stadfestar at det er ei grønsteinsøks dei to karane har funne.

Det er uråd å slå fast nøyaktig alder på øksa utan nærare analyse. Men forskarane veit at denne typen økser vart nytta frå overgangen mellom eldre og yngre steinalder.

5000 år gamal

— Øksa er inntil 5000 år gamal, seier Kristoffersen.

Ho stadfester også at det ikkje er urimeleg å tru at øksa kan koma frå Hespriholmen på Bømlo. Men dette kan ikkje slåast fast utan nærare undersøking..

Kristoffersen peikar på at det også er funne inntil 3000 år gamle gravrøyser i same område i Hardanger.

— Alt tyder på at det finst verdifulle fortidsminne i området som det må takast omsyn til i planprosessen

— Ei øks aleine er nok ikkje nok til å få stoppa ei planlagt utbygging, seier Tore Bjørgo. Som fylkesarkeolog i Hordaland fylkeskommune er det han som skal sjå til at nye utbyggingar ikkje kjem på kollisjonskurs med verneinteressene av fortidsminner.

— Men funnet kan likevel ha innverknad på det vidare planarbeidet fram til eventuell godkjenning av Hansvågen som industriområde.

— Tyder funnet på at det kan vera ein steinalderbuplass i området, bør området undersøkjast nærare, seier Bjørgo.

— I steinalderen gjekk sjøen cirka 20 meter høgare opp enn i dag. Difor trur eg like gjerne øksa kan ha kome ein annan stad frå, seier han.

GAMALT REIDSKAP: Øksa som Johannes Seljebotn held i handa kan vera inntil 5000 år gamal. Og er funnet i nærleiken av Hansvågen staden der A/S Fellstrand vil byggja nytt verft. FOTO: PÅL BISETH