Mellom dei som kunne kunsten å mura med naturstein var Gustav og Ingolf Løvstakken. Dei var fødd i 1893 og 1895 på garden ”Ivarsland”, ein av dei to Lauvstakkgardane som ligg langs med Krohnegårdsvegen i nedslagsfeltet for Lauvstakkvatna

Gustav fekk skøyte på garden i 1918, men alt i 1923 vart det restriksjonar på drifta fordi Laksevåg kommune kjøpte garden og skulle nytta vatnet som drikkevatn. Om det var dette som gjorde at Gustav fekk tid til å vere murar for dei andre bøndene i dalen, eller det var interessa for faget veit vi ikkje, men han arbeidde mykje med stein, og det er framleis ein del ”minnesmerke” i form av natursteinmurar att etter både Gustav og Ingolf Løvstakken kringom i dalen. Begge desse brørne var særs flinke steinarbeidarar.

Står att som minnesmerke

Dei sette opp alle slag murar, både tørrmurar og murar der ein la steinane i betong (t.d. silomurar og grunnmurar), dei kunne det meste om murarhandverket.

Å mura køyrebaner, eller fundament til låvebrua var eit storarbeid og til dette gjekk det med mykje stein. Far min fortalde at Gustav skulle mura køyrebana opp til låvebrua på garden heime, og dei hadde køyrt stein med hest og steinslede ein heil vinter og meinte at no måtte det vel vere rikeleg med stein. Då Gustav kom kasta han eit blikk på steinhaugen og så sa han.

”De kan nett køyra såpassa til” Det seier vel litt om kva steinmengde som skal til og kor stort arbeid det er å setta opp ein slik ”kompaktmur”

Ikkje kven som helst

To av dei byggverka som vi veit er mura av Gustav Løvstakken er siloen (surhåkum) på Løvaas og siloen (surhåkum) på Bolstad, begge desse står framleis. Her er steinen lagt i betong for det var viktig at muren vart slett og glatt på innsida.

Vi veit ikkje om muren som står att framfor der husa på Ivarsland stod, er mura av desse brørne, men dette er så flott arbeid at det er ikkje ”kven som helst” som har sett opp denne.

Begge brørne dreiv med steinarbeid så lenge dei levde, begge vart over 90 år.

**Les også:

Steingardar og murar i Fyllingsdalen**

Veit du om fleire byggverk av Gustav og Ingolf Løvstakken? Skriv i kommentarfeltet under:

Silo på garden Bolstad mura ca. 1920. Denne står framleis.
Aud Sælensminde
Silo på garden Løvaas mura ca. 1921. Også denne står framleis.
Aud Sælensminde
Muren som står att på "Ivarsland" er truleg og mura av Gustav eller Ingolf Løvstakken.
Aud Sælensminde