— Dette kunne gått lang verre om steinhella på omlag ein halv kvadratmeter hadde losna frå tunnelveggen då dei to bilane passerte staden, om lag midtvegs i den 11,2 kilometer lange Gudvangatunnelen, seier lensmann Kjell Nordgulen i Aurland til bt.no.

— Det var den kvinnelege føraren av den første bilen som mista styringa då ho i retning austover køyrde på den knuste steinhella i vegbana litt før klokka 08 i dag. Ho var åleine i bilen.

Føraren i bilen like bak såg kva som hende, men denne bilen køyrde over steinane i vegbana utan å miste styringa, fortel Nordgulen.

Synleg skade på denne bilen var ei knust botnpanne.

Tre personar i dei to bilane

Det var to personar i bil nummer to. Ingen av dei fekk fysiske skader av den nifse opplevinga inne i den mørke tunnelen.

Lensmannen i Aurland vil ikkje spekulere i kvifor restane av steinblokka på ein halv kvadratmeter var vanskeleg å sjå i ein tunnel som stort sett går «rett fram», utan svingar.

— Men eg merka meg då eg køyrde dei seks kilometrane inn til staden at det var veldig vått og derfor mørk asfalt som gjorde sikten dårleg; truleg etter tunnelvask, seier Nordgulen.

Også for eit par år sidan losna det steinar i veggen i Gudvangatunnelen. Den gangen var ingen bilar involvert. I den vel fem kilometer lange Flenjatunnelen, som ligg mellom Gudvangatunnelen og Flåm, losna ei stor steinblokk for fleire år sidan. Heller ikkkje då var det personskader.

Lensmann Nordgulen sa til bt.no ved 09.45-tida at han reknar med at E 16 gjennom Gudvangatunnelen vil bli opna igjen tidleg på føremiddagen, etter inspeksjon frå vegvesenet på staden.

MIDT I TUNNELEN: Ulykka skjedde omlag midt i Gudvangatunnelen, som er den tunnelen som er nærast Gudvangen. KART: YNGVE STEENSÆTH