På verdsmarknaden er firmaet Antolini Luigi i Verona blant dei heilt store innan foredla steinprodukt. Men ikkje større enn at dei har funne seg eit hjartebarn i øysamfunnet Værlandet i Askvoll kommune.

Rett som det er kjem italienarane til Noreg og Vestlandet, og tar den timelange ferjeturen frå kommunesenteret Askvoll for å sjå korleis det står til med favoritten Black Beauty.

— Veit kva dei driv med

Utanfor brakkeveggen kan vi høyre den monotone kvininga frå wire-kuttaren som er i ferd med å arbeide seg gjennom ei 20 tonns steinblokk. Tåka frå vasskjølinga tørkar raskt inn og let etter seg eit kvitt ferniss av steinstøv i nærområdet.

Inne i det spartanske brakkekontoret styrer ei lita, kjeledresskledd kvinne det vesle steinbrotet, vel vitande om at produkta herfrå blir over gjennomsnittleg bra betalt. Laila Landøy er 33 år, dagleg leiar og altmoglegkvinne i bedrifta.

Det italienske selskapet har sikra seg eineretten på steinen, og har dei tre siste åra kjøpt alt Landøy Steinindustri har klart å levere av tilfredsstillande kvalitet.

— Italienarane har svært lange tradisjonar i bransjen, og veit kva dei driv med. Dei kjenner igjen kvalitet når dei ser det, seier Laila Landøy. - Dei er begeistra. På dei store messene har toppsjefen deira alltid med seg eit stort skrivebord med plate laga av vår stein.

Ho er veldig godt nøgd med den eine kunden sin.

— Alt har fungert veldig bra. Vi har levert, og betalinga har kome så punktleg at til og med banken vår er positivt overraska, smiler ho.

«Magisk dimensjon»

Så er det heller ikkje noko bakgardsfirma ho handlar med. Antolini Luigi Company starta som eit familiefirma i 1920, og eksporterer i dag steinprodukt til store delar av verda.

Selskapet driv eigne steinbrot i ei rekke land. Skal vi tru materialkartoteket på firmaets nettside, kan dei levere 212 ulike typar marmor og drygt 300 typar granitt.

Ein av desse er ein mørk, glassaktig lavastein døypt Black Beauty, og har ifølgje nettsida «ein speglblank kvalitet som gjev den ein nesten magisk tilleggsdimensjon.»

Einaste kjende forekomsten av steinen er i Værlandet, skapt i den mest dramatiske perioden av vår geologiske historie fleire hundre millionar år tilbake. Med berre auget ser du lett at Black Beauty består av ei rekke ulike bergartar, eit konglomerat som er blitt ekstremt hardt under vulkansk oppvarming.

I dag er Black Beauty oppe blant dei dyraste steinslaga i verda, noko som gjer at eit - kommersielt sett - håplaust lite og malplassert steinbrot likevel har livets rett.

— vi har store kostnader, men ser klart at vi på sikt vil tene pengar på dette, seier Laila Landøy.

Med ferje og vogntog

For det er langt frå Værlandet til Verona. Steinen må lastast på vogntog, ofte berre ei einaste diger blokk på kvar bil. Deretter rullar lasset om bord på vesle MF «Dalsfjord» og vidare den lange vegen nedover kontinentet.

Brimmen Quarry er namnet på driftsselskapet som tek ut steinen, og som Laila Landøy styrer.

Det er ikkje berre kontorarbeid. Ute er tre tilsette i jobb, og Laila tar sin del av det praktiske. Som inkluderer alt frå manuelt arbeid med spett og slegge til manøvrering av grove dieselfyrte maskiner.

Ho viser oss rundt i brotet, vi går over eit slett underlag av gigantiske steinkuber som ventar på å bli brotne ut. Siste månadene har dei gjort klar og reinska rundt desse kolossane. No er dei første klar.

— Totalt har vi rundt 250.000 kubikkmeter stein å ta av i det området som i dag er regulert. Det held til mellom ti og tjue års drift, seier Laila.

— Eg reknar med at rundt 70 prosent av steinen ikkje er salgbar som førsteklasses, slik at vi vil kunne ta ut rundt 50.000 kubikk som blir mogeleg å eksportere.

I fjor omsette selskapet for over 4,5 millionar kroner.

— Men ser vi ut over dagens regulerte område, er det store mengder stein å ta av, påpeikar ho.

Utan smell og styr

Nysatsinga er ein konglomerat-stein som ligg i belte i grunnfjellet, side om side med Black Beauty. Også denne steinen har vekt italienarane si interesse, sjølv om konglomerat normalt ikkje er det mest interessante i bransjen.

— Dette er den einaste konglomerat-steinen dei har tatt med seg og vist på messer. Den er heilt spesiell, seier Laila, og peikar på steinen som er i ferd med å bli delt i to av waier-saka like utanfor kontorbrakkene.

Litt lenger borte i brotet ligg ei omkring 50 tonns blokk av Black Beauty også klar til å bli kløyvd i to bitar. Ei svær Volvo-maskin seinkar ein rigg med 15 hydrauliske kilar ned i dei forbora, gjennomgåande hola i steinen. Via ein stige smett Laila lettbeint opp på toppen av blokka, styrer kilane på plass med vante rørsler.

Hydraulikkslangane blir kopla på Volvo-maskina, og med eit lite rykk i slangane er kreftene aktivert.

For oss som ventar på smell og brak blir kløyvinga av den kolossale steinen eit antiklimaks.

Lyden minner meir om ei nyopna flaske Farris. Aller først ser vi bittesmå steinflak som hoppar på overflata av blokka mellom kilane. Deretter ser vi den tynne sprekka som sakte breier seg nedover sida av steinblikka.

Det heile er over. Kolossen er blitt til to kjemper.

Heilt utan dramatikk.

Verona ventar.

Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth