• Det var no som pokker at det skulle bli oppdaga no som eg var tenkt å slutte med det, utbraut mannen då misbruket av stedottera vart oppdaga. No er han dømt for utukt, melder Firda i dag.

Sunnfjord tingrett finn det bevist at mannen i 40-åra, har misbrukt stedottera frå ho var 12 til 14 år.

Stefaren kom inn på rommet hennar fleire gonger i veka. Der befølte han den unge jenta, og tvang ho til å halde rundt han når han onanerte, melder Firda.

Utsegna der han seier han hadde tenkt å slutta med dette, kom då sambuaren viste han brevet som dottera hadde skrive til han i 1997.

I Sunnfjord tingrett vart mannen dømt til 120 dagar i fengsel og han må betale 30.000 kroner i oppreisingserstatning til jenta. Fordi det tok så lang tid før forholda vart meldt til politiet, blir halve fengselsstraffa gitt på vilkår. Mannen slepp dermed med 60 dagar i fengsel, skriv Firda.