GISLE ØSTERBØ SKUGGEDAL

– Det er for tidleg å seia kva avgjerd me landar på, men prosessen framover vil gi eit endeleg svar, seier Heidi-Kathrin Osland om lagnaden til blodbøken til Sogn Avis.

Bøken er det eine av to svære tre som har vakse seg til eit digert problem for så vel Fortidsminneforeininga som for Riksantikvaren. Dei meiner blodbøken har skulda for algeveksten som er i ferd med å ta knekken på stavkyrkjetaket. I tillegg fargar algane den 1000 år gamle kyrkja grøn.

Heidi-Kathrin Osland samordnar stavkyrkjeprogrammet som fekk tildelt 100 millionar kroner i 2001. Midlane skal løfta dei 28 stavkyrkjer i landet opp på eit akseptabelt nivå når det gjeld vedlikehald. Det statlege bidraget vart gitt i 2001, restaurering er omfattande og tidkrevjande og skal etter planen vera avslutta i 2011.

I går var Osland på synfaring til Hopperstad stavkyrkje saman med Sjur Mehlum frå Riksantikvaren. Dei studerte restaureringsarbeidet som er utført etter jul. Dei tok også stilling til arbeidet framover.