Dei to siste dagane har HSH-styret, leiargruppa og fagforeiningane drøfta kva grep høgskulen skal ta etter den klåre oppfordringa frå Kunnskapsdepartementet om å søkja fusjonspartnar.

Med vel 3000 studentar i Haugesund og på Stord er HSH ein akademisk veslebror til universiteta i Bergen og Stavanger som har høvesvis 15.000 og 10.000 studentar. Høgskolen i Bergen er over dobbelt så stor som HSH.

Vil ha færre institusjonar

Sist veke var høgskulane og universiteta på Vestlandet i møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på Sola. Regjeringa skal neste vår leggja fram ei ny stortingsmelding om framtidsstrukturen på norske universitet og høgskular. Statsråd Røe Isaken har vore tydeleg på at han ønskjer færre og sterkare institusjonar. På Sola bad han HSH greia ut kva fusjonar høgskulen mellom Bergen og Stavanger ser føre seg av samanslåingar.

— Styrevedtaket i dag betyr at vi no vender oss til leiinga ved Universitetet i Stavanger for å sondera om det er råd å få til ein framtidig fusjon. Målet med dette er å byggja eit nytt og sterkt profesjonsuniversitet på Vestlandet, seier HSH-rektor og styreleiar Liv Reidun Grimstvedt.

Invitt frå Stavanger

Universitetet i Stavanger - etablert i 2004 - kom for fire år sidan med ein invitasjon til samanslåing med Høgskolen Stord/Haugesund. Då hadde Ratsø-utvalet si tilråding frå 2008 om eit stort Vestlandsuniversitet fått heller laber tilslutnad.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) laga den gong ei utgreiing om kva retning HSH burde gå. Rapporten skisserte fem alternativ, der fusjon med Universitetet i Stavanger var eitt alternativ, fusjon med Høgskolen i Bergen eit anna, og deling mellom Stavanger og Bergen eit tredje alternativ.

Profesjonsuniversitet

Rektor Liv Reidun Grimstvedt seier at det under drøftingane i går og i dag var stor semje blant styremedlemmer, høgskuleleiarar og representantar for fagforeiningane om å be om fusjonssondering med Stavanger-universitetet.

— Styret er heilt klar på at ei eventuell samanslåing og eit framtidig profesjonsuniversitet er eit godt høve til å styrkja og utvikla Sunnhordland- og Haugalandregionen, til å oppnå meir robuste fagmiljø og styrkja tilbodet for studentar, seier Grimstvedt i ei pressemelding.