Det nye selskapet vil bli største oppdrettskonsernet i verda. Helgeland Arbeiderblad skriv at det seinare i dag vil bli lagt fram ein intensjonsavtale om fusjon mellom det to selskapa. Samanslåinga mellom dei to selskapa kan vere på plass i april.

Fullmakt

I dag tidleg sende styret i Fjord Seafood ASA ei melding til Oslo Børs om at dei fredag ettermiddag gav adminstrasjonen fullmakt til å intensivere dei strategiske samtalene som tidlegare er meldt frå om.

I følgje børsmeldinga skal det ha vore ført samtaler mellom partane i helga, men uten at desse har resultert i eit tilstrekkeleg grunnlag for å gå videre med reelle avtaleforhandlinger. Samtalene skal likevel halde fram. Utover dette ønskjer ikkje selskapet å kommentere oppslaget i lokalavisa på Helgeland, der selskapet har sitt hovudkontor.

Økonomiske vanskar

Domstein-konsernet i Måløy er største aksjeeigaren i Fjord Seafood. Selskapet har slite med store økonomiske vanskar etter at lakseprisane fall dramatisk i fjor.

Helgeland Arbeiderblad meiner administrerande direktør i Fjord-konsernet, Paul Birger Torgnes, må stille sin plass i sjefsstolen til disposisjon til fordel for Cermaq-direktøren.