Han vil vita kva for planar som finst for flybombing, og kva omfang og framdriftsplan som er lagt til grunn for planprosessen.

I grunngjevinga legg Bjørklund vekt på at skytefeltet ligg mellom to av dei store fjordane våre, Hardangerfjorden og Sognefjorden, to av Noreg sine viktigaste turistmål. Mange i lokalmiljøet meiner at flybombing vil skada området som turistmål, og dermed også verdiar for heile landet. Også mange hytteeigarar og andre brukarar reagerer sterkt på planane.