Eg vil passa meg vel for å leggja meg opp i kommunen sine avvegingar. Men vi vil ikkje stilla oss i vegen dersom Stord vil gje oss desse pengane. Vi har snudd alle steinar for sjølve å finna midlane som manglar, men dei finst ikkje, seier styreleiaren i Helse Fonna, Geir Worum til Bergens Tidende.

Stord formannskap sitt vedtak 11.mars om å løyva 570.000 kroner til statsføretaket Helse Fonna frå ein slunken kommunekasse, har ført til sterke reaksjonar. Fagforbundet Stord/Fitjar har protestert, det same har Norsk Pensjonistforbund Hordaland. Men gravide sunnhordlendingar har jubla over at dei slepp å reisa til Haugesund for å føda til sommaren.

Helse Vest sin representant i Helse Fonna-styret, Helge Bryne fekk styret med på å leggja spørsmålet fram for Helse Vest, som Helse Fonna er underlagt. Helse Vest har styremøte på fredag.

— Eg reknar med at Helse Vest vil avvega dette saman med departementet, ettersom det handlar om eit nasjonalt prinsippspørsmål, seier Geir Worum.

Helseminister Dagfinn Høybråten er av SV-representant Audun Lysbakken utfordra til å svara på det same spørsmålet i Stortingets spørjetime i morgon.

Helse Fonna skal kutta 120 stillingar i år for å spara inn store oppsamla underskot. Berre i 2003 var underskotet på rundt 63 millionar kroner.