— Eg har lenge lagt planar for å satsa på skogsdrift på heimegarden. No kan det gå mot at eg må ta ei anna utdanning, seier Audun Lund Eik frå Omvikdalen til Bergens Tidende.

17-åringen har gått to år på Voss jordbruksskule, det siste på skogbrukslina. To års praksis for å oppnå fagbrev var avtalt med Kvinnherad kommune i samarbeid med Valen sjukehus.

Så kom regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2003. Den gamle ordninga med statstilskot til planting og skogkultur var fjerna. For 2002 har det vore sett av 58 millionar kroner til dette skogreisningstiltaket. Frå neste år av er det redusert til null.

Kom brått

— Dette kom litt brutalt brått på. Når tilskotet til skogkultur - som har utgjort 60 prosent av budsjettet vårt - fell bort, seier det seg sjølv at vi ikkje lenger greier å finansiera den lærlingplassen vi har hatt, seier jordbrukssjefen i Kvinnherad, Terje Natland.

— Ikkje berre lærlingplassen står i fare, vi risikerer også at to faste stillingar i skogforvaltinga i kommunen fell bort saman med eit samarbeidsprosjekt med Fusa, Kvam og Tysnes, seier Natland.

Også for far til Audun, Tore Eik, kjem bortfallet av praksisplassen til sonen som ei svært negativ overrasking. På garden hans i Omvikdalen blei det på 1950-talet planta store mengder skog. No er det tid for hausting.

— Vi har eit 700 mål stort plantefelt å ta av i tillegg til noko juletreproduksjon. Eg gledde meg til at Audun skulle ta seg av dette, seier Tore Eik.

— Det er opprørande å sjå at det blir etterlyst vilje til satsing i landbruket, og så skjer dette. Ein ungdom som er optimistisk og villig til å satsa, blir avbroten halvvegs i utdanninga si, seier Tore Eik.

Søkja anna arbeid

Audun Lund Eik fortel at han bur seg på å søkja anna arbeid i vinter, og deretter vurdera ei alternativ utdanning.

Skogbrukssjef Terje Natland vil likevel ikkje ta bort alt håp hos Audun om å få sin toårige lærlingpraksis i Kvinnherad-skogen.

— Vi må prøva å finna alternative løysingar, slik at lærlingplassen kan bergast. Eit møte i dag kan avklara situasjonen noko, seier Natland.

Bakgrunnen for Landbruksdepartementets fjerning av statstilskotet er ein vilje til å gjera eksisterande skogareal lønsame i staden for å planta nye. Det er store nok granareal i Noreg og det bør bli slutt på stimulansane til nyplanting i Nord-Noreg og på Vestlandet, er haldninga. Skogeigarane blir lokka med betre skogavgiftsordningar og skattefordeler.