Per Marifjæren

I staden for den normale straffa med fengsel og bot, slapp advokaten unna med eit forenkla forelegg på 6.000 kroner.

Den rettspraksisen som påtalmakta sjølv legg til grunn i slike saker, viser at grensa for fengselstraff i fartssaker går ved 120 km/t, altså merkbart under dei 126 km/t som advokaten erkjente å ha kjørt.

Kan ikkje endrast

— Ja, det kan synes som om reaksjonen i dette tilfellet ligg noko under det som er vanleg, erkjenner 1.statsadvokat Jan Hoel overfor Bergens Tidende.

Hoel har no bede om å få tilsendt dokumenta både i saka mot advokaten og mot Miguel José Zapata Farlora, som altså måtte møte for retten og bli idømt bot og fengsel for eit heilt identisk lovbrot.

— Eg kan ikkje endre eit forelegg som er blitt vedtatt av denne advokaten. Men eg vil undersøke om det kan ha utvikla seg ulik praksis på slike straffepåstandar i dei to politidistrikta. Skulle dette vere tilfelle, kjem eg til å instruere juristane om kor lista bør ligge, seier Hoel.

Bakgrunnen er at det var Sogn og Fjordane politidistrikt som behandla saka mot lærdølen Farlora, medan saka mot advokaten vart behandla av nabodistriktet, nemleg Sunnmøre politidistrikt.

Gode bevis

Politijuristen som utferda det forenkla forelegget til advokaten, politiinspektør Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt, var ikkje interessert i å svare på spørsmål om saka då Bergens Tidende kontakta han i går.

Men overfor NRK Sogn og Fjordane har Bøen uttalt at han valde å gi bot fordi farten låg i grenseland mellom fengsel på vilkår og bot, og vidare fordi mannen kom med ei tilståaing utan at politiet hadde klare bevis.

Men som påtalemessig overordna er Hoel fullt innforstått med at det finst tungtvegande argument mot dei formildande omstenda Bøen her nemner. Rettspraksis er ganske klar på at bot og fengsel på vilkår er den normale påstanden ved den aktuelle fartsovertredinga. Og om dei svake bevisa seier Hoel:

— Bevisa må jo ha vore gode nok, for politiet skal jo ikkje kunne utferde førelegg utan at dei har ei sikker sak.

Hoel vil no altså undersøke om dette er eit eingongstilfelle, eller om nivået i straffepåstandane verkeleg varierer så kraftig frå mellom dei ulike politidistrikta.

Skulle det siste vise seg å vere tilfelle, vil altså Hoel kalle juristane inn på teppet.