I april sendte Statoil ut eit brev til alle underleverandørane sine i Norge, med krav om at all skriftleg kommunikasjon framover skulle skje på engelsk. Grunngjevinga var at Statoil skulle spare pengar.

Fleire verksemder som har avtalar med Statoil raffineri på Mongstad reagerte på den nye praksisen. Dei frykta auka utgifter og meirarbeid. bt.no kjenner også til at tilsette internt i Statoil oppfatta praksisen som meiningslaus.

Språkrådets direktør, Sylfest Lomheim, engasjerte seg ved å sende brev til olje— og energidepartementet. Lomheim refsa Statoil for å gå beint imot Stortinget sin vedtekne språkpolitikk, som seier at norsk språk i størst mogleg grad skal brukast i petroleumsverksemda.

— Eg forventar at olje- og energidepartementet ber Statoil om å revurdere saka, sa Lomheim til bt.no i juni.

Departementet tok saka

Og slik gjekk det.

«Jeg kan forsikre om at jeg er opptatt av at regjeringens uttalte språkpolitikk gjennomføres i praksis også i energisektoren», skriv olje – og energiminister Terje Riis-Johansen i svarbrevet til Språkrådet.

Etter å ha blitt kjend med Statoil sin nye praksis etter at bt.no omtalte saka, har departementet hatt kontakt med selskapet.

I brevet frå ministeren heiter det at «Selskapet opplyser at det i Norge vil benytte norsk, og at engelsk vil benyttes der det synes nødvendig og rimelig. Statoil vil klargjøre dette i et brev til sine norske leverandører».

Vi har lytta til dei innvendingane som har kome.

— Eit viktig signal

Sylfest Lomheim er svært nøgd med svaret han har fått. Han tolkar dette som at Statoil vil leggje større vekt på å bruke norsk i Norge.

— I den grad Statoil er riktig sitert, er dette noko heilt anna enn den informasjonen dei sendte ut tidlegare. Då sa selskapet at dei ville bruke engelsk i alle anbodsrundar også til norsk næringsliv, noko vi reagerte på.

Lomheim er vidare glad for at brevet er signert av ministeren sjølv.

— På denne måten har han stadfesta at språkbruken til Statoil er noko som vedkjem statsråden. Det er eit viktig signal.

Nytt brev

  • Vi har lytta til dei innvendingane som har kome, og vil informere leverandørane våre om dette, seier informasjonsdirektør i Statoil, Jannik Lindbæk.

Han fortel at selskapet jobbar med eit nytt brev som skal sendast ut til leverandørane.

— Her klargjer vi at vi vil nytte både norsk og engelsk i avtalar og korrespondanse med våre leverandørar, helst norsk i forhold til leverandørar i Norge. Engelsk vil vi bruke der det er føremålstenleg, seier Lindbæk.

- Så de trekkjer tilbake kravet om engelsk?

— Vi vil kommunisere på begge språk slik at vi ivaretek dei omsyna som har kome til uttrykk frå dei som ønskjer kommunikasjon på norsk. Dette er ei presisering av korleis praksisen blir framover.

Språkdirektøren seier han kjem til å følgje nøye med på språkbruken til Statoil framover.

— Vi kjem til å sjå etter at dei bruker norsk der det er rimeleg og praktisk. Viss dei ikkje praktiserer dette, vil vi minne om det Statsråden har skrive.

Er det viktig at Statoil bruker norsk i Norge? Sei meininga di.