— Vi er no langt på veg i arbeidet med å normalisera situasjonen for å koma i produksjon igjen, seier pressetalsmann Gisle Johanson i Statoil.

89 menneske blei evakuerte frå Gullfaks C-plattforma då det 20. mai for tredje gong på eit halvt år oppstod unormal trykkendring i ein av brønnane på feltet.

Miljøorganisasjonen Bellona hevdar at Statoil var like ved å få ei katastrofe på Gullfaks som den som skjedde med «Deepwater Horizon» i Mexicogolfen.

Ifølgje pressetalsmann Gisle Johanson hadde Statoil kontroll over situasjonen ved at barrieresystem fungerte og arbeidsprosedyrar var på plass for å setja den første sementpluggen for ei veke sidan.

I går kveld var borestrengen kutta og sementplugg nummer to blei plassert lengre oppe i problembrønnen.

Gullfaks-feltet har produsert olje i 25 år, og har 180 aktive brønnar. Tre betongplattformer står på botnen på djup mellom 130 og 220 meter.