Opphavleg hadde nok Statnett vona å sleppa unna dette. Saka er at Statnett vil setja opp eit nytt straumsamband for 420 kilovolt mellom Sima og Samnanger, for å styrkja straumtilførsla til Bergen og omland. Ei ny luftline var planlagt, men eit samla Hardanger har sagt nei. Alle kommunane krev utgreiing om sjø— og jordkabel, og dei har fått støtte i dette kravet frå fylkeskommunen og frå Hordalands-benken på Stortinget.

Statnett har gjeve Multiconsult i oppdrag å greia ut tre ulike alternativ:

— Sjøkabel frå Sima til Norheimsund og kabel i bakken/vegtunnel vidare til Samnanger

— Sjøkabel frå Sima til Norheimsund og luftleidning vidare til Samnanger

— Sjøkabel frå Sima til Ljones og luftleidning vidare til Samnanger

Resultatet av dette arbeidet vil inngå i Statnett sitt grunnlag for val av løysing i ein konsesjonssøknad til Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE. Denne søknaden tek Statnett sikte på å senda før sommaren.

Trass i den bastante motstanden mot luftleidning, arbeider Statnett vidare med ulike alternativ framføring over fjell og fjord, basert på både lokale innspel og Statnetts eigne vurderingar, heiter det i meldinga.

DEN 90 KILOMETER lange kraftlina er planlagt frå Sima i Eidfjord gjennom Granvin, Ulvik og Kvam til Høysæter i Samnanger.
TOR SPONGA