— Tysdag har vi open kontordag i Ulvik og Granvin. Onsdag er vi i Øystese. Dei som vil snakka med oss, eller som meiner å ha opplysningar som vi kan ha nytte av, er velkomne innom for ein prat og ein kopp kaffi, seier kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

Statnett er litt i knipe etter at eit samla Hardangerråd og kvar einskild kommune for seg har sagt blankt nei til ei 90 kilometer lang kraftline som skal frakta 420 kV over fjella frå Sima i Eidfjord til Høysæter i Samnanger.

20. oktober er fristen for å gje fråsegn til Noregs vassdrags- og energidirektorat om Statnett sine planar. Meldinga frå Hardanger er at dei ikkje eingong vil sjå forslaget om luftspenn. I staden krev dei utgreiing om sjø- og jordkabel.

Får utgreiing om kabel

Så det spørst om det ikkje må sterkare saker til enn kaffi for å få hardingane på andre tankar.

— Vil kommunane få den utgreiinga om sjø- og jordkabel som dei har bede om?

— Vi skal no gje ein ekstern konsulent oppdraget med å greia ut sjø- og jordkabel. Så det at vi vil snakka med hardingane om luftspenn, betyr ikkje at vi har lagt kabelløysinga til side, seier Tor Inge Akselsen.

— Har Statnett forståing for at hardingane er mot ei ny høgspentline gjennom landskapet?

— Det har vi sjølvsagt. Men Statnett har og som oppdrag å finna løysingar som er samfunnsøkonomisk gode, og det er langt frå sikkert at ein sjø- og jordkabel er ei samfunnsøkonomisk god løysing.

Heile landet betalar

— Straum i kabel er mykje dyrare enn luftspenn. Kven må betala ekstrakostnadene?

— Ekstrakostnaden med eventuell kabel frå Sima til Samnanger vert fordelt på alle straumkundane i heile landet. Ikkje berre på kundane i BKK-området. Det er fordi det er Statnett som byggjer lina, opplyser administrerande direktør Atle Neteland i BKK.

Ekstrakostnaden kan koma opp i 1,5 til 2 milliardar kroner. Luftline, som er billegast, er rekna til ca. 400 millionar, og kabel til om lag det fire- eller femdoble. Dette får utslag på nettleiga vi må betala for straumen. Men når dette vert fordelt over heile landet, vert utslaga for kvar einskild straumkunde sjølvsagt mindre enn om alt hadde falle på kundane innanfor BKK-området. Men kraftsambandet Sima-Samnanger vert bygt først og fremst for å sikra straumforsyninga til Bergen og omland, som altså er BKK sitt område.

Trygt med kabel, men....

— Føremonen med kabel er at når han først ligg der, så ligg han trygt. Om ingenting skjer, er vedlikehaldsutgiftene for ein kabel mindre enn for luftline. Men det vi sparer på mindre vedlikehald kan likevel aldri vega opp dei store meirkostnadene med legging av kabel, seier assisterande nett-direktør i BKK, Hans-Terje Ylvisåker.

— På den andre sida, legg han til, - dersom det skulle skje noko, at til dømes ei gravemaskin kutta ein jordkabel, eller eit skipsanker øydela ein straumkabel i sjøen, så ville det føra med seg svært store utgifter til reparasjon.

Berre to samband ut

Ylvisåker understrekar at det er svært viktig å få det nye kraftsambandet på plass så snart som råd.

— I dag har BKK-området berre to samband ut mot omverda, altså mot det landsfemnande straumnettet. Det er frå Modalen, og frå Samnanger. Fell det eine ut, har vi lite å gå på, seier Ylvisåker, som minner om det som hende for om lag to år sidan i USA og i Italia. Der vart fleire millionar menneske utan straum i dagevis på grunn av svikt i straumnettet.

— Dette har og å gjera med kvaliteten på straumen vi leverer. Vi har rundt oss stadig meir utstyr med fin teknologi som tåler svært lite av spenningsvariasjonar.