ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noStatssekretær Lars Erik Flatøy i Sosial— og helsedepartementet avviser overfor Bergens Tidende at strategien er å overta rekonvalesent-institusjonane også.- Når Staten overtek sjukehusa, vil det vera naturleg at dei tre fylkeskommunale institusjonane fyljer med, men for dei 35 andre vil vi ha same ordning som no, seier Flatøy.Han deltok i går på Norske Opptreningsinstitusjoners Interesseorganisasjon(NOPI) si generalforsamling på Voss.Statssekretæren hadde sagt ja til å vitja løvehola før departementet hadde tirra løva.- Ikkje ein einaste av våre medlemsinstitusjonar kjem godt ut av nyordninga som departementet uventa har tredd nedover hovudet på oss, seier organisasjonsleiar Torbjørg Hogsnes til Bergens Tidende. Vondt er gjort verre ved at nyskapningen Cato-senteret i Son har fått særordning. Her er statstilskotet så stort at dei kan tilby opphald utan eit øre i eigenbetaling, og gratis reis attpå.Sjølv finnmarkingar kjem billegare frå eit opphald i Son enn på heimetraktene.For dei konkurrerande institusjonane har departementet bestemt at alle pasientar skal betala 190 kroner pr. døger i eigendel. Statstilskotet er også låst, men ulik for kvar enkelt. Gjennomsnittet er 717 kroner døgeret, medan Catosenteret får 1880 kroner. Statssekretær Flatø stadfester overfor Bergens Tidende at satane er fastsett ut frå inntektene institusjonane hadde i fjor, med eit påslag som ikkje fullt ut dekker løns- og prisveksten. Dei som hadde underskot i fjor, vil dermed få enda større underskot i år. Dei som har investert i nybygg kjem ytterlegare i manko med auke i renter og avdrag. Flatø ser små sjansar for endringar før til neste år, og stiller seg negativ til forhandlingsrett for institusjonane. Dei må akseptera det departementet fastset.

LES OGSÅ: Tøft for dei lokale institusjonane