Vegdirektoratet sender Hardangerbrua over til Samferdsledepartementet utan å endra trafikkprognosane frå desember 2004.

Vegvesenet trur altså at 1.950 bilar vil køyra over brua dagleg i opningsåret 2010. Dette vil auka til 2250 i 2020, sjølv om «konkurrenten», Folgefonntunnelen, vert gratis frå 2016.

— Men Norconsult hadde nyleg ein trafikkmodell som synte at trafikken over brua ville falla til rundt 1.600 når Folgefonntunnelen vert gratis frå 2016. Kvifor trur de ikkje på det?

— Vi har vurdert Norconsult sin modell. Men vi har og drege inn alt vi har av eigne utrekningar og brukt det vi har av røynsle frå andre vegprosjekt. Vår konklusjon er at trafikktala vil verta om lag slik dei såg ut då fylkestinget i Hordaland vedtok finansieringsplanen for Hardangerbrua før jul, seier utbyggingssjef Lars Aksnes i Vegdirektoratet til BT.

Aksnes dreg samanlikningar med Nordhordlandsbrua og Oslofjordtunnelen. Der var eingongsauken ved opninga litt mindre enn rekna med, men så tok trafikken seg kraftig opp.

— Vi trur at den ferdige brua vil framstå som berre meir og meir attraktiv, og at det ein brukar meir av i tid mellom t.d. Odda og Bergen samanlikna med ferje ikkje betyr så mykje, seier Aksnes.