Korkje politiet eller Sjøfartsdirektoratet ville bla opp den snaue halve millionen som arbeidet kostar.

— Desse opplysingane er eigentleg ikkje så veldig interessant for oss, i og med at etterforskinga vår er avgrensa av at skipet var registrert i utlandet, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold i Hordaland politidistrikt.

Det er også eit moment for politiet at det var kaptein Jan A. Juvik som hadde kommandoen på brua då det gjekk gale. Juvik var ein av dei som omkom i ulykka.

Losen, som berga livet i siste liten, skulle berre assistere kapteinen og gje gode råd om kursvalet. Det vil difor vere vanskeleg å halde losen strafferettsleg ansvarleg dersom det skulle vise seg at navigeringa ikkje var forsvarleg.

Heller ikkje Sjøfartsdirektoratet ville betale for ein kartmaskin-analyse. Direktoratet fekk i vår ein million kroner til å granske ulykka, men har konsentrert seg om stabilitet og konstruksjon av skipet. Granskinga av sjølve ulykkesturen og havariet har dei overlate til politiet og sjøfartsinspektør John Ramsøy.

Dermed gjekk ballen vidare til selskapa som forsikra skipet. Onsdag vart det klart at forsikringsselskapa Norwegian Hull Club og Gard saman vil betale for arbeidet.

Sjøfartsinspektør John Ramsøy seier at kursanalysen er interessant også for hans arbeid.

— Ja, det er det. Eg håpar eg vil få ein kopi av rapporten, seier Ramsøy.