• Det går føre seg ei ny-regionalisering i statleg regi utan regionane sin medverknad eller kontroll, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Fylkesordføraren synest det er særleg ille at ulike statsetatar deler inn landet i regionar for sine fagområde utan at dette er samordna frå staten si side. Det går føre seg i ein ganske lukka prosess. I nokre samanhengar blir Hordaland sett i same region som nabofylka i nord og/eller sør, i andre samanhengar er inndelinga annleis. Sjølv går Handeland inn for ein Vestlandsregion, men innser at Sogn og Fjordane er «rimeleg reservert, for å seia det mildt».

Hordaland fylkeskommune har no gjennomført ein møteserie innanfor fylket sine regionar. I møte med kommunale talsmenn og representantar for lokalt næringsliv, er det orientert om fylkesplanarbeid og den nye oppgåvefordeling mellom dei tre forvaltningsnivåa frå komande årsskifte.

Då overtek staten ansvaret frå sjukehusa, medan fylkeskommunen får overført landbruksforvaltninga og godkjenning av kommunale planar, frå fylkesmannen, som heretter meir skal reindyrka oppgåvene med å ta vare på folk sin rettstryggleik.