— Eg kan ikkje hugse tilsvarande siktingar mot eit statleg serviceorgan. Dette er svært uvanleg, seier sjørettsprofessor Erik Røsæg ved Nordisk institutt for sjørett om at politiet har sikta Statens kartverk Sjø for grov uforstand i tenesta.

— Bakgrunnen er at grunna i Vatlestraumen ikkje vart varsla i «Etterretninger for Sjøfarende» etter at ho var oppdaga i 1995, seier statsadvokat Jarle Golten Smørdal.

Etterforskinga av havariet vart avslutta før jul. Statsadvokaten i Hordaland skal nå vurdere om nokon skal straffast etter ulykka, som kravde 18 menneskeliv.

Det er frå før kjent at politiet meiner losen ikkje gjorde noko straffbart i samband med ulykka.

Dersom også statsadvokaten meiner Statens kartverk Sjø skal straffast, vil det skje i form av ei bot. Dersom dei ikkje vil betale, vil det bli reist tiltale og straffesak, med Statens kartverk Sjø på tiltalebenken.

Reparasjon og opprydding

Ei eventuell bot vil både bli betalt av Staten og gå til Staten. Likevel vil ein dom kunne få dramatiske økonomiske konsekvensar:

n Reiaren har nekta å betale oljevernaksjonen og oppryddinga, som kosta ca. 100 millionar kroner.

n Forsikringselskapet Norwegian Hull Club vurderer å krevje Staten også for reparasjonen av «Rocknes». Denne kostar over 330 millionar kroner.

n Det er betalt ut mange titals millionar kroner i erstatning til overlevande og etterlatne. Også denne rekninga kan forsikringsselskapa prøve å velte over på Staten.

Dersom domstolane plasserer skulda for at «Rocknes» havarerte hos Sjøkartverket, vil reiar og forsikringsselskap ha svært gode kort på handa.

— Ein fellande dom vil heilt klart vere til fordel for reiaren. Det er strengare krav til bevis og aktsemd i strafferetten enn i erstatningsretten. Dermed vil nok Staten få heile eller delar av erstatningsansvaret, dersom dei først blir dømt i ei straffesak, seier sjørettsprofessor Røsæg.

Justerte kartet

Grunnflaket der «Rocknes» grunnstøytte vart oppdaga då Vatlestraumen vart målt opp på nytt i 1995.

Men Sjøkartverket gav ikkje beskjed om denne grunna spesielt i publikasjonen «Etterretninger for Sjøfarende» (EfS), som blir gitt ut to gonger i månaden og sendt blant anna til alle losar.

Då det vart gitt ut nytt papirkart for området i 2003, vart kartet for Vatlestraumen justert. Men med ein målestokk på 1:50.000, utgjorde endringa på kartet berre ca. 1 mm.

Ingenting tyder på at Sjøkartverket godvillig vil betale ei bot. Under sjøforklaringa i Bergen i fjor sa direktør Frode Klepsvik i Sjøkartverket at grunnflaket ikkje vart vurdert som viktig nok til at det kom med i «Etterretninger for Sjøfarende», av to grunnar:n Grunnflaket var uansett innanfor raud sektor frå Hilleren lykt.

n Det ligg berre ca. 55 meter ut frå Revskolten lykt, noko Sjøkartverket meinte var ein svært liten avstand i denne samanhengen.

Avgjerd i vår

— Etter ulykka har vi gått grundig igjennom rutinane våre både for informasjon og kartproduksjon. Vi har ikkje funne at det var gjort feil, seier Klepsvik i dag.

Han vil ikkje kommentere siktinga ytterlegare. Innan midten av april skal Sjøkartverket sende ei juridisk vurdering av saka til Statsadvokaten i Hordaland.

Deretter vil statsadvokat Golten Smørdal ta si avgjerd ut på våren ein gong. Truleg vil også Riksadvokaten bli kopla inn.