— Dersom Statens Forurensingstilsyn (SFT) meiner eigarane skal betale meir, må SFT gå til sak, opplyser advokat Lars Arne Baug.

Haugesund-advokaten er oppnemnd som styrar av begrensingsfondet. Denne ordninga under sjølova avgrensar reiarlags ansvar ved havari og annan skade. Fondet fastset klart ansvaret ein eigar har i kroner og øre, mellom anna basert på kor stor båten er.

— I tilfellet «Green Ålesund» er ansvaret oppover avgrensa til 12,8 millionar. Denne summen har reiarlagets forsikringsselskap, Skuld, garantert for, opplyser Baug.

— Men SFT meiner at eigaren skal betale heile kostnaden for ryddeaksjonen?

— I så fall må dei reise søksmål mot reiarlaget, eventuelt at det blir forhandla fram eit forlik.

Krav på 123 mill.

Dei totale krava som er meldt til avgrensingsfondet etter «Green Ålesund»-forliset, er på svimlande 123 millionar kroner. I tillegg til SFTs krav på 86,4 millionar, har seljarane og kjøparane av frosenfisken som gjekk tapt då skipet gjekk ned, meldt inn samla krav på bortimot 35 millionar. I tillegg har Statsbygg, Karmsund hamnevesen, selskapet Rescue Haugesund og fleire privatpersonar som fekk båtar, kaier og anna utstyr grisa til av olje, meldt mindre krav.

— Oppgjeret etter eit slikt forlis skjer i prinsippet på same vis som ved ein konkurs. Mi oppgåve blir no å innstille overfor Haugesund tingrett på ei fordeling av dei 12,8 millionane mellom dei som har meldt krav, opplyser styraren for avgrensingsfondet.

Erstatningsansvar

Kor stor del av dei 12,8 millionane SFT kan få, er uvisst. Men truleg vil staten sjølv i utgangspunktet måtte betale bortimot 80 millionar kroner av arbeidet med å rydde opp og heve vraket frå Bleivika nord om Haugesund.

I gårsdagens utgåve av Bergens Tidende sa SFT-direktør Joakim Lystad at dei har som utgangspunkt at skipseigar Nomadic Shipping skal betale heile rekninga. Skal SFT få til dette, må dei gjennom ei rettssak bevise at eigaren har eit erstatningsansvar på sjølvstendig grunnlag. Kan det eksempelvis provast at eigarane, kapteinen eller andre av mannskapet har opptrådd aktlaust, kan det vere eit moment som gjer at reiarlaget blir erstatningspliktige for ein større sum.

Mot sak

Svært mykje tyder på at SFT bur seg på eit rettsleg oppgjer.

— I første omgang avventar vi no tilsvaret Nomadic Shipping kjem med i forhold til vårt krav, kommenterer sjef for teknisk beredskapsseksjon i SFT, Ottar Longva.

«Green Ålesund»-eigarane har så langt avvist å betale meir enn maksimalsummen på 12,8 millionar.