OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordSaka er meldt til politiet. Det stadfester assisterande direktør Tore Samuelsen i Eksportfinans overfor Bergens Tidende. Tidlegare verftsdirektør Thorleif Hellesøy og tidlegare styreleiar Øystein Hellesøy må ifølgje Samuelsen bu seg på politietterforsking. Islandsk fiskebåt Handels— og næringsdepartementet meiner Kleven Verft i Ulsteinvik urettmessig har fått 14 millionar kroner i verftsstøtte basert på ein fiskebåtkontrakt som Th. Hellesøy Skipsbyggeri (THHS) i Kvinnherad først inngjekk i 1997. Sentralt i saka står fiskefartøyet "Vilhelm Thorsteinsson" som Kleven Verft leverte til det islandske reiarlaget Samherji hf. I august i fjor. Båten er teikna av Vik-Sandvik i Fitjar, skroget blei bygt i Polen, og prisen på den ferdige trålaren og ringnotbåten i fjor var rundt 135 millionar kroner.Den norske verftsstøtta i samband med bygging av fiskefartøy opphøyrte 1.januar 1998, før Kleven Verft tok til å byggja "Vilhelm Thorsteinsson". Th. Hellesøy Skipsbyggeri som gjekk konkurs i mars i fjor, skal ifølgje departementet først ha signert kontrakten med islendingane. Dokument dukka opp I desember 1997 blei det søkt og innvilga verftsstøtte, ifølgje Eksportfinans. Men Hellesøy kunne ikkje gjennomføra oppdraget, som dermed blei overført til verftet på Møre.Næringsdepartementet fatta interesse for saka då eit tidlegare ukjent dokument seint i fjor dukka opp i samband med konkursbehandlinga etter THHS.Det private selskapet Eksportfinans i Oslo har i nær 20 år administrert all statlege verftsstøtte, og fekk i vinter i oppdrag av Næringsdepartementet å undersøkja den aktuelle saka der to vestlandsverft er involverte.- Dokumentet dukka opp under buarbeidet mitt. Det er ikkje forsøkt halde skjult, seier bustyraren etter THHS-konkursen, advokat Helge Brunborg. Ikkje i burapporten Dokumentet som omhandlar verftsstøtta var ikkje med i den førebels burapporten som blei levert i august i fjor. Brunborg reknar med at bubehandlinga ikkje er avslutta før tidlegast i 2002. - Eg kan ikkje forstå kva vi kan ha gjort feil. Vi verken bygde for det islandske reiarlaget eller fekk tilskot, seier tidlegare administrerande direktør Thorleif Hellesøy i THHS.- Eg kjenner ikkje til at det skal vera noko spesielt rundt denne skipskontrakten. Frå vår side var alle forhold klarert med Eksportfinans, seier administrerande direktør Jarle Gjerde ved Kleven Verft AS til Bergens Tidende. Ny verksemd Hellesøy-familien har starta ny mekanisk verksemd på Løfallstrand i Kvinnherad, og har i dag om lag 20 tilsette med delproduksjon og utleige av folk, ifølgje advokat Morten L. Gjesdahl, som har styreposisjon i verksemda.