Av rekninga på 10-15 milliardar kroner må hordalendingane finna seg i betala mesteparten.

I 2020 køyrer vi ferjefritt frå Stord til Bergen på 1 time og 15 minuttar. Den nye stamvegen har kosta 6 milliardar kroner, og alt er betalt med bompengar. Staten har ikkje lagt ut eitt øre.

Slik er Øyvind Halleraker sin visjon for samferdsla i Hordaland 2020. Vegen han drøymer om er Tysnesbrua over Langenuen, veg mot Lukksund langs austsida av Tysnes, ny veg nordover mot Eikelandsosen, bru over Samnangerfjorden og tilknyting til vegen Os-Bergen i området Søfteland-Kalandseid (sjå kartet).

— 1 time og 15 minuttar frå Stord til Bergen. Det vert ein revolusjon. Trafikken mellom Stord og Bergen er stadig stigande. Det finst inntekter nok i denne trafikken til å betala ein ferjefri stamveg til rundt rekna 6 milliardar kroner, seier Halleraker, som no representerer Høgre og Hordaland på Stortinget. Han var fylkesvaraordførar frå 1995 til 1999. I slutten av den perioden greidde Halleraker nesten å få fylkestinget med på dette vegvalet.

Etter 2015

Eit fleirtal valde til slutt å satsa på stamveg over Tysnes med ferje Våge-Halhjem. Viktigaste grunnen var at dette var mykje billegare, og dermed kunne ein få bygd vegen innan rimeleg tid.

No veit vi meir. Det hjelpte lite at fylkestinget satsa på det billegaste. Framlegget til Nasjonal Transportplan har skote både Tysnesbrua og vegen over Tysnes ut til etter 2015. Ny veg mellom Os og Bergen kan tidlegast byggjast etter 2010, med den takten i løyvingane som vegstyresmaktene legg opp til.

— Då får vi gjera jobben sjølve, er Hallerakers konklusjon. Med røynsle frå arbeidet med Trekantsambandet og som styreleiar i Norvegfinans har han rekna på kva som kan hentast inn av bompengar mellom Stord og Bergen.

Avløyser fire ferjer

Og det er ikkje lite. 370 millionar kroner årleg. Nok til å forrenta eit lån på 6 milliardar kroner, meiner Halleraker.

— Vi avløyser fire ferjestrekningar: Sandvikvåg-Halhjem, Våge-Halhjem, Jektevik-Hodnaneset og Hatvik-Venjaneset. Som bompengetakst har vi rekna ferjetaksten pluss 40 prosent, bortsett frå på Sandvikvåg-Halhjem, der bompengar alt er inkludert i prisen.

— Men vil det vera nok trafikk til dette?

— I mine reknestykke har eg gått ut frå dei prognosane som Statens vegvesen sjølv har lagt fram i forstudien for ein indre, ferjefri stamveg, seier Øyvind Halleraker.

— Du har ikkje rekna med Os-Bergen.

— Nei, men Os-Bergen som bompengeveg vil berre vera eit pluss i dette reknestykket. 20 kroner pr. bil vil vera nok til å finansiera dobbeltunnelen frå Rådal til Svegatjørn.

— Eg er overtydd om at denne måten å finansiera stamvegen på er realistisk, men sjølvsagt må vi likevel krevja at statens tek sin rimelege del av investeringane. Det er for gale at staten skal få Kyststamvegen heilt gratis, seier Øyvind Halleraker