ARNE HOFSETH

Den formelle vigsla gjekk føre seg på Sorenskrivarkontoret i Voss sentrum fredag. Men i går gjekk brurefølgjet til fots til gards på Kløve, oppstilt på skuleplassen etter tradisjonen for ridande vossabrudlaup. På tunet gav prosten til Hardanger og Voss dei nygifte gudsord med på vegen, eit utradisjonelt tidspunkt for kyrkjeleg innslag.

Under bryllaupsfesten i Grimshalli stod skautadrammen klar ved midnatt. Det skal vera høgtid og einebærsmak når brurekruna vert teken av og brura for første gong tek koneskautet på.

Sprek kårkall

Og den spreke kårkallen David Kløve (84) syter for at det blir bryllaup tre heile dagar til ende, ved å visa bryllaupsgjestene om på garden som har vore i slekta si eige sidan 1600-talet, minst.

Brura si fortid som leiar av Norsk Målungdom førte 36 målmedvitne ungdommar frå heile landet til bryllaupslaget, innkvartert på flatseng i Kløve skule. Dermed vart det rikt bunadsmangfald i brurefølgjet på rundt 80 som marsjerte til tuns til tonane av «Vossabruri». Ingen ringare enn meisterspelemannen Leif Rygg førte bogen, rett bak dei to fedrane til brureparet, som etter gamal skikk går fremst. Attmed seg hadde spelemannen kjøkemeisteren, og bak dei fylgde brureparet, men bruresveinane på slep.

Voss og Fana

Gudrun var vossabrur av staselegaste slaget. Flatkruna fungerte fint, sjølv om den hengande pynten i gylt sølv helst er tiltenkt ei brur høgt til hest. Brudgommen Harald stilte i stilig Fana-bunad.

Under seremonien i tunet las dei to forlovarane, Sigbjørn Hjelmbrekke og Halldis Holbæk dikt av Olav H. Hauge og Ragnar Hovland.

Leif Rygg spelte lydarslåtten «Det er so fagert i Finnesloftet å sitja brur», introdusert lett omskrive sidan han stod tett innåt veggen på Kløvesloftet.

Kloke ord

— På denne gangen har både folk og hus levd ei tid, sa prost Knut A. Knudsen, glad for at ung kjærleik fornyar slekt og tradisjon, men har mykje å læra av kjærleik som har vara ei stund.

Også Siren Johannessen Vågstøl, mor til brudgommen gav dei unge ord med på vegen: - Prøv ikkje å forma den andre i sitt eige bilete. Då blir de kjedelege for kvarandre over tid.

Bryllaupsfeiringa held fram i dag.

BRUREFØLGJE: Fremst i det lange brurefølgjet dei to fedrane, Harald Juuhl i vossabunad og Atle Vågstøl. Så følgjer spelemannen Leif Rygg og kjøkemeister Vidar Lund og deretter hovudpersonane - brureparet Gudrun Kløve Juuhl og Tarjei Johannessen Vågstøl.<p/>FOTO: KNUT EGIL WANG
TRADISJON: Gudrun Kløve Juuhl og Tarjei Johannessen Vågstøl - flotte bærarar av ein lang og vakker tradisjon.<p/>FOTO: KNUT EGIL WANG