ARNE HOFSETH

(tekst og foto)

Ei gåve på 600.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DnB NOR, legg grunnlaget for å kjøpa båten. Men også andre en med på spleisen, deriblant Boliden. Det er inngått samarbeidsavtale om vinteropplag ved Hardanger Fartyvernsenter i Norheimsund, og der skal også eit rehabiliteringsarbeid settast i gang i april.

Luksusyachten M/Y Tysso var ikkje til bruk for kven som helst. Han vart dregen ut av båthuset sitt når sjølvaste direktøren i Tyssefaldene AS skulle ut å reisa.

— Vi fekk varsel i god tid, slik at båten kunne pussast opp etter alle kunstens reglar før direktøren steig om bord, fortel Magne Moe til Bergens Tidende.

Han var tilsett ved kraftverket frå 1954, og var ein av to som skifta på maskinistjobben på M/Y Tysso.

Oftast gjekk turen til Granvin. Derifrå kunne ein reisa både til Bergen og Oslo, med togbyte på Voss. Mellom Odda og Granvin var det ikkje veg- og ferjesamband som no.

På initiativ frå direktør Stein A. Ytterdahl ved Boliden Odda AS gjekk båten 1007 turar mellom Odda og Tyssedal i 2002. Fleire turen passasjerar var med, deriblant tidlegare kulturminister Åse Kleveland, som vart stogga av ras på vegen. Sidan den tid har museumstyrar ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i Tyssdal, Randi Bårtvedt, «sikla etter» denne båten. Han kan henta museumsgjester til Tyssedal frå Odda, og etter særskilt tinging frå andre stader i Sørfjorden, som Aga, Lofthus, Kinsarvik og Utne, ja, like til Granvin for den saks skuld.

STATSBÅT: Tidlegare maskinist på M/Y Tysso, Magne Moe, viser stolt fram bilete av båten til museumsleiar Randi Bårtvedt og avdelingsvanksjef Marta Eikemo Graue i DnBNOR i Odda (heilt til høgre). I bakgrunnen frå venstre nestleiar ved museet, Mette Frøystein, ny dagleg leiar ved Fartyvernsenteret i Norheimsund, Geir Madsen og DnBNOR sin leiar for bedriftskundemarknade i Hardanger, Geir Thomassen.