Prøvedrifta i full skala som var planlagt i Sunnhordland i oktober, vert utsett til våren.

Det er elektronikkselskapet Atron i München som utviklar det nye billettsystemet. I eit brev til Hordaland fylkeskommune seier selskapet seg lei for vanskane som har oppstått. Samstundes skriv dei at det er målet deira å ha alt klart til prøvedrift i Austevoll frå januar 2008.

– Det heng litt no på internettløysinga til det nye systemet. Vi vil senda ut «skysskort» til alle kundane våre i Hordaland over 16 år. Så kan dei utføra på skjermen alle operasjonar som har med kortet å gjera, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim til Bergens Tidende.

– I juni sa du til BT at det nye billettsystemet skal innførast i heile Hordaland frå august 2008. Vert det utsetjing på det også?

– Vi vil innføra det nye billettsystemet på rutene i Hardanger, Voss og Modalen frå august 2008 i samband med iverksetjing av anbodskontrakt. Så kjem Bergen hausten 2008, seier Magnus Vestrheim.

Han gjer merksam på at det ikkje berre er å installera utstyret i bussane. I Bergen er det til dømes over 1000 sjøførar som må lærast opp til bruka det nye billettsystemet.

Med ny elektronisk billettering på bussane skal passasjerane berre føra busskortet forbi ein lesar, nett som ei vare med strekkode i kassen i butikken.