Sogn og Fjordane, som har reservert seg mot samanslåing til eitt vestlandsfylke, kjem i utgangspunktet ikkje til å verte omfatta av den delen av utgreiingsarbeidet som går på samanslåing. Håpar på opning — Vi håpar likevel på ei opning for å trekkje det nordlegaste av dei tre fylka med i undersøkingane om samanslåing, seier direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve.Fylkesdirektøren samordnar utgreiingsarbeidet. Forpliktande samarbeid Dei tre fylka på Vestlandet set no i gang eit større utgreiingsarbeid om samarbeid på Vestlandet. Målet for utgreiinga skal vere å sjå på korleis eit meir forpliktande samarbeid kan utviklast mellom dei tre fylka. Alt i dag samarbeider fylka på Vestlandet innanfor samferdsle og næringsutvikling. Forsking, høgare utdanning, kultur og olje– og gassverksemda peikar seg ut som område som kan verte sentrale i utgreiingsarbeidet som no står for døra.– Ambisjonen er å vere veldig konkret på kva vi i fellesskap skal gripe tak i, seier Jan Per Styve. Konfliktfylt Men utgreiinga skal også fokusere på det som fort kan verte langt meir kontroversielt enn samarbeid: Utgreiinga skal nemleg vurdere om det er grunnlag for samanslåing av fylke. Alt før utgreiinga tek til, har fylkestinget i Sogn og Fjordane i praksis sagt nei til samanslåing.- Vedtaket fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane gjorde, fører til at denne delen av utgreiingsarbeidet må konsentrere seg om Hordaland og Rogaland, konkluderer Styve.Han legg likevel til at han ikkje føler sogningar og fjordingar har stengt døra heilt.- Frå Sogn og Fjordane si side har det også vore eit sterkt ønskje å trekkje Møre og Romsdal tettare inn i samarbeidet mellom dei tre andre vestlandsfylka?- Det er vi kjende med, men det har ikkje komme konkrete initiativ om dette, seier fylkesdirektøren. Tungt politisk Prosessen med samling på Vestlandet tok til alt hausten 1998. I vår gav så fylkestinga grønt lyst for å starte utgreiingsarbeidet. Dette skjer også heilt klart som svar på at Stortinget like før politikarane på Løvebakken tok sommarferie utfordra fylka til sjølve å vurdere om dagens fylkesinndeling er tenleg.Det praktiske arbeidet skal gjennomførast av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforskning. Arbeidet skal leiast av ei styringsgruppe med fylkesordførarane Roald G. Bergsaker (Rogaland), Gisle Handeland (Hordaland) og Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane) i spissen. Også fylkesvaraordførarane og "opposisjonsleiarane" i dei tre fylkestinga skal vere med i den tungt politiske styringsgruppa.Utgreiinga skal vere avslutta innan årsskiftet. Deretter startar den politiske handsaminga i dei tre fylka, med sluttbehandling i fylkestinga i mars neste år.