• MÅ TERPE: Nest etter algebra er det geometri norske elevar har størst problem med å lære seg i matematikk. Lærar Stian Mørk på Garnes ungdomsskule synest det er vanskeleg å finne den riktige balansen mellom å pushe og motivere elevane. - Matematikk må jobbast med. Det er som fotball, du blir ikkje betre utan å repetere. Veldig få elevar gjer sitt beste på skulen, meiner han. FOTO: Leif Gullstein

Startar på vidaregåande utan å kunne ungdomsskulematte

Fire av ti norske 10.-klassingar får karakteren ein eller to på skriftleg eksamen i matematikk. - Elevane gir for lett opp, seier lærar Stian Mørk.